Gode tilbod

Vinterferietilbod 2026

Vinterferieidyll i vakre Jotunheimen, barn bur gratis i same rom som foreldre.
Vinterferietilbod veke 8 og 9

Langstrakte vidder, tindrande toppar og nydelege preparerte løyper lokkar i vinterferien!

Fossheim hotell er eit ypperleg utgangspunkt for skiturar i Jotunheimen, kulturvandring og landsbyvandring i sentrum av Lom. 

Her finn du alternativ for folk i alle aldre og med ulik fysisk form. I resepsjonen tilbyr vi tips til turar og gratis kart til våre gjestar.

*Skihytta i Lia er kun 10 min. køyring frå hotellet. Maskinpreparerte løyper i idyllisk skogsterreng og på arenaen.

Status for oppkøyrde løyper (kart) og oversikt over langrennsmoglegheiter i området, finn du her: http://lom-idrett.no/ski/loyper/

*Vågåfjell skiløyper kan tilby 80 km med flotte langrennsløyper. Det meste av dette er maskinpreparert og held høg kvalitet. 

Les mer om løypene på: http://www.vagaskispor.no/

Prisoversikt for 2 døgn (opphaldet må minimum vera 2 døgn) inkludert dagens 3-rettar ein dag.

Barn under 4 år bor gratis i samme rom som foreldre, 1/2 pris på mat. Barn under 12 år kr 1235,- per pers.

Enkeltrom 2 netter inkludert frukost to dagar og 3 retter middag ein kveld kr 3175,-

Dobbeltrom 2 netter inkludert frukost to dagar og 3 retter middag ein kveld kr 2395,- pr. pers

Tillegg ekstraseng 1 pers inkl frukost og middag en kveld kr 1625,- pr. pers

Hund på rommet kr 200,- vaskegebyr (må bestilles på forhånd).

For større menyar sjå oversikt under mat og drikke her på vår heimeside.

Tilbodet gjelder 16.februar - 01.mars. NB! Vi har stengt spisesal sundagar, difor gjeld ikkje tilbodet med middag 22-23/2.

Kontakt oss for tilbod eller bestill på tlf. 61 21 95 00 / epost: resepsjon@fossheimhotel.no

Bestill

Bestill ditt historiske eventyr i dag

Opplev ekte norsk gjestfriheit på Fossheim Hotell! Bestill overnatting i historiske omgjevnader med lokal mat, turstiar og nasjonalparkar i nærleiken. Vel mellom familierom, hytter eller våre unike romstandardar.