Gode tilbod

Haustferietilbod 2026

Kva med å leggje haustferien til Lom? -God mat, frisk luft og gode senger. Tilbod veke 40 og 41.
22/1/24

God mat, frisk luft og gode senger, kva med å leggje haustferien til Lom? 

Fossheim hotell er eit ypperleg utgangspunkt for turar i vakre Jotunheimen, kulturvandring og landsbyvandring. Her finn du alternativ for folk i alle aldre og med ulik fysisk form. I resepsjonen kan vi gje deg tips til turar og gratis kart. Opphaldet må vera minimum 2 døgn.

Norsk fjellsenter

Med 5 minutters gange frå hotellet, les meir: https://www.norskfjellsenter.no/

Fossheim steinsenter

Vår nabo har ope kvardagar kl 10.00 -16.00 med landets største utstilling av mineral frå heile landet. Smykker i norsk og utanlands stein, bruksting, kunst og dekorasjonar i stein. Gratis entre til museum.

Fyrst og fremst

Guider grupper  i Jotunheimen på førhandsbestilling, les meir: https://www.fyrstogfremst.no/

Haustferietilbod i dobbeltrom, 2 døgn:

*Overnatting 2 netter

*Frukost 2 dagar

*3-retters Fossheim meny dag to

*Kart på rommet over sjåverdigheiter i Lom

*Matpakke kankjøpast til

*Hunderom kankjøpast til (Må bestillast på førehand. Begrensa antal  tilgjengeleg)

Kr.2395,- per pers

 

Haustferietilbod i enkeltrom, 2 døgn:

*Overnatting 2 netter 

*3-retters Fossheim meny ein dag

*Kart på rommet over sjåverdigheiter i Lom

*Matpakke kan kjøpast til

*Hunderom kan kjøpast til (Må bestillast på førehand. Begrensa antal  tilgjengeleg)

Kr.3175,- 

 

Tillegg ekstraseng 1 pers inkl frukost og middag ein kveld kr 1625,- pr. pers

Tillegg barn under 12 år, halv porsjon av middag: 1235,- 

Barn under 4 år sover gratis med foreldre.

Tilbodet gjeld 25. september - 12. oktober 2026.

For bestilling av Haustferietilbod, trykk her eller tlf.61 21 95 00 / epost: resepsjon@fossheimhotel.no

Gode tilbud

Andre spennende tilbud

Bestill

Bestill ditt historiske eventyr i dag

Opplev ekte norsk gjestfriheit på Fossheim Hotell! Bestill overnatting i historiske omgjevnader med lokal mat, turstiar og nasjonalparkar i nærleiken. Vel mellom familierom, hytter eller våre unike romstandardar.