Fossheim Hotell

Hjå oss

Fossheim Hotell, som vart starta som ei skysstasjon i 1897 av familien Garmo, som framleis driv det, tilbyr hotellrom i fleire standardar, inkludert familierom og to hytter.
Informasjonssymbol
Opplev maten

Spisesalen

Spisesalen vår kan romme rundt 150 gjestar til selskap eller buffet. Her serverar vi frukost, lunsj og middag til alle våre gjestar. Spisesalen held ope for middagsservering kvar dag, der det blir servert ulike rettar komponert av sesongens råvarer. Det hender spisesalen er stengt nokre kveldar i lågsesong, ta kontakt for å bestille bord og sikre at det er ope.
Informasjonssymbol
Informasjonssymbol
Autentisk Norsk

Peisestugu og bibliotek

I andre etasje finn du peisestugu vår som med sitt gamle interiør skapar ei koseleg ramme rundt selskapet eller møtet om ein ynskjer ein plass for seg sjølv. Biblioteket som ligg innafor peisestugu egnar seg godt for mindre møter eller middagar inntil åtte personar. Peisestugu og biblioteket er ellers ope for alle våre gjester som ein stad kor du kan sitja og nyte ei god bok eller samtale med selskapet ditt.
Baropplevelse

Dr. Garmos

Dr. Garmos er den store baren i kjellaren. Her har vi arrangement og ofte er bryllaupsdansen her nede. Scene og lydanlegg. Det er og mogleg å leige Dr. Garmos; ta kontakt med resepsjonen.
Eldre arkitektur

Gaukstadstugu

Fossheim har eit staseleg tun sett saman av sjølve hotellbygningen, fleire små tømrahus og lokala til Fossheim Steinsenter. Spesielt stolte er vi av stasstova vår, Gaukstadstugu, som er eit av dei best bevara tømrahusa frå 1600-talet i heile Noreg. I Gaukstadstugu tek vi i mot småe bryllup, barnedåpar eller selskap. Stugu gjev ei fin ramme rundt selskapet og kan væra ei stemningsfull avslutning på ein kveld hjå oss
Ferske råvarer

Urtehagen

Urtehagen er uteserveringa vår med trivelege sitjeplassar og glimrande utsikt utover Lom og Lomseggen. Kring sitjeplassane veks nyttevekster av ulike slag. Ein sildrande bekk gjev ei god stemning i varme sumardagar.
Informasjonssymbol
Mat og drikkeopplevelser

Vinkjellaren

I kjellaren under Gaukstadstugu lagrar vi den beste vinen vår! Her har vi og ein triveleg peis og eit massivt langbord der vi kan ha smakingar av ulike slag, det være seg vin, øl, akevitt eller kanskje ostar?
Velkommen

Korleis koma hit

Du kan koma deg til Lom på den miljøvennlege  måten med buss og tog. Toget stoppar på Otta, og frå der er det ein times tid med buss.Ekspressbussar går direkte til Lom både frå Oslo, Trondheim og Bergen.Sjå ruter og tider på Entur.no.

For å koma til Fossbergom og Lom frå Oslo området med eiga bil, kjør E6 nordover til Otta, ta av til venstre og fortsett opp Ottadalen til Lom. Kjem du frå Trondheimsområdet køyrer du E6 sørover til Otta, før du tek av til høgre oppover Ottadalen.

Fossbergom er plassert midt i skilje mellom Stryn (Riksveg 14 over Strynefjellet) Sogn (riksveg 55 over Sognefjellet) og Aust Noreg. I sommarmånadane er dette ein viktig ferdselsveg mellom aust og vest.

Distanser

Oslo: 345km | Bergen: 432km | Fagernes: 148km | Trondheim: 312km | Lillehammer: 175km | Otta: 64km | Stryn: 126km.
Referanser

Kva gjestane våre seier

Bestill

Bestill ditt historiske eventyr i dag

Opplev ekte norsk gjestfriheit på Fossheim Hotell! Bestill overnatting i historiske omgjevnader med lokal mat, turstiar og nasjonalparkar i nærleiken. Vel mellom familierom, hytter eller våre unike romstandardar.