Fossheim Hotell er eit historisk og tradisjonsrikt hotell midt i nasjonalparklandsbyen Lom, omkransa av Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen nasjonalparkar. Vi ynskjer å gje deg overnatting i ei roleg, heimekosleg atmosfære.
I spisesalen vår kan du nyte både norsk tradisjonskost og gastronomiske måltid tufta på lokale råvarar med inspirasjon frå både nære og fjerne strøk.
Heidrun Garmo er fjerde generasjon drivar av Fossheim Hotell. Saman med far Svein og syster Ingrid ynskjer ho og resten av vertskapet at å koma hit skal vera som å koma heim.
Dette utbrotet kom frå Thorgeir Garmo då han slengde frå seg reidskapen etter ein lang dag med vatning på eit jorde på Gaukstad ein sein kveld.
Han var nummer sju i syskenflokken på 16, og hadde ikkje mykje å sjå fram til som bygdagut på slutten av 1800-talet. Anten å emigrere til Amerika, eller å skape seg noko sjølv heime i Lom.
Han valde det siste.
Fossheim vart i si tid bygd av Th. Garmo og kona Embjørg i 1897. Lom har alltid vore eit trafikk-knutepunkt for ferdsel mellom aust og vest, sidan vegen frå Otta går gjennom Lom både over Strynefjellet til Geiranger og Stryn, og over Sognefjellet til Luster og Sognefjorden. Dette skapte grunnlaget for oppstarten av hotellet, som vart bygd som skysstasjon.
Skysstasjonen var ein timbrabygning i to høgder med kvistrom og kjøkenavdeling, to stover og sju soverom.
Driftsbygningane var fjos, låve og stall, og det vart drive både hotell og gard.
Skysstasjonen var i full drift fram til fyrste verdskrigen då dei fyrste bilane kom og tok over for hesteskyssen.
Th. Garmo hadde ein butikk i sentrum i tillegg til skysstasjonen, og han fekk også bygd ei lita hytte på fremste Lomseggen for turglade gjestar.
Under og etter andre verdskrigen vart det større spurnad etter gjesterom, noko som førte til nybygg.
Andre generasjon, Torgeir og Ingrid Garmo hadde nå teke over drifta, og i 1949 reiv dei det gamle hotellet.
Det vart reist eit større nybygg saman med ei gjesteromsavdeling bygd i terasser, bakover frå hovedbygningen.
Torgeir Garmo var utdanna doktor og tannlækjar, og i tillegg til hotell og gardsbruk, var det nå og ei fysikalsk avdeling på hotellet.
Navnet var nå Fossheim Hotell og Kurstad, og den fysikalske avdelinga var drive heilt fram til 1974.
No hadde Fossheim 100 sengeplassar og moderne kjøken og matsal, og stadig fleire gjestar viste si interesse.
På 50- og 60-talet vart det gjort fleire ombyggingar for å tilpasse seg dei nye turistane, særleg amerikanarane som måtte ha rom med dusj og bad. Ein av bygningane på Fossheim som vart bygd i 1965 blir den dag i dag kalla “Amerika”, og vart som navnet seier bygd for å tekke amerikanske turistar.
I 1970 vart matsalen bygd dobbelt så stor for å passe til kapasiteten på bortimot 150 senger.
I 1978 tok tredje generasjon ved Svein Garmo over drifta etter at han hadde studert ved Norsk Hotellhøgskule i Stavanger. Ein nyutdanna kokk kom og spurte etter arbeid, og navnet hans var Arne Brimi.
Han vart tilsett som kjøkensjef, og ei ny epoke tok til ved Fossheim.
Fossheim og Arne fekk etter kvart eit namn og ei omtale som har gjort Fossheim-kjøkenet kjent i vide krinsar.
Svein si interesse for vin har teke han til mange besøk på vingardar rundt om, og han kosar seg ekstra om han kan få dele av kunnskapen sin med gjestane.
I 1992 vart det på nytt gjort store arbeid på Fossheim, då heile soveromsfløyen vart ombygd. I 2001 stod eit nytt og moderne kjøken ferdig, og våren 2004 opna vi ein ny og ombygd bar i kjellaren, Dr. Garmo`s Institutt, oppkalla etter doktoren.
I mai 2008 har romma i hovudbygningen på nytt vorte friska opp med nye fargar og ny dekor, og dei har no fått eit meir heimekoseleg og landleg utsjåande.
Heilt frå ho var lita treivst ho best på ein krakk på hotellkjøkenet og ho visste tidleg at det var dette ho ville drive med.
Etter ferdig utdanning i
hotelleiing ved Hotellhøgskulen i Stavanger tok ho over som dagleg leiar i 2012. Ho er og utdanna sommelièr, og kjem gjerne med drikkeanbefalingar til måltidet ditt.
Er du huga til å sjå korleis vi har det, og kva du kan ha for arangement hjå oss?
Vi tilbyr overnatting i både hotellrom og hytter. Romma finn du i kategoriane enkeltrom, dobbeltrom, økonomi og superior rom.
Hyttene er større og passar godt som familie rom.
Kontakt resepsjon direkte for allergivennleg rom. Hund er tillate på utvalgte rom for 125,- kr ekstra/førerhund gratis.
*Vi har dynamiske prisar, som endrar seg etter etterspørsel og tilgang på rom, difor kan prisane variere kvar gong du er inne og ser.
Om du vel å booke gjennom heimesida eller booking.com, gjeld det eigne avbestillings-og endringsgebyr. Det løner seg alltid å ta kontakt direkte med oss, anten på epost eller telefon.
Bestill bord dersom dykk planlegg å ete hjå oss.
Åpningstider middag:
Sundag - Torsdag kl 18:00 - 21:30
Fredag - Laurdag kl 18.00 - 22.00
Vår spisesal er åpen for frukost kvar dag fra 07:00 - 10:00
* Om vi ikkje har bestillingar kan vi stenge på kort varsel
You may detect an enticing aroma originating in the kitchen and luring you down into the dining hall. Here you can enjoy food from one of Norway's best kitchens. On summer days you can also enjoy a light meal out in Urtehagen (the herbal garden).
The chefs at Fossheim take uniquely Norwegian traditions to new heights -- a meal in itself is enough reason to pay a visit. Many visitors come to Fossheim precisely for the food - to experience a culinary adventure that will leave lasting memories, and our head chef Kristoffer Hovland is adept at making use of local, seasonal ingredients.
We have a local focus at Fossheim, and integrate local ingredients harvested from surrounding farms, lakes and mountains into our menu. Local foods have become extremely popular, and the local mountains in Lom provide easy access to first-class ingredients for exotic culinary experiences. Integrating only the very best available ingredients, meals are prepared in our own cultural and culinary traditions - all carried out by the trained hands of professional and experienced chefs.
Everyone is welcome to come enjoy a meal together with us - whether you choose an eight-course meal in the dining hall or a salad in Urtehagen. If you would care for some wine, we have an extensive wine cellar, and we import many of the wines ourselves. Hotel owner Svein Garmo is a true wine connoisseur and will more than gladly recommend a bottle perfectly suited to your meal.
Det kan hende kjenner du ei fristande duft frå kjøkenet som lokkar deg ned til spisesalen. Heilt sidan 1978 når hotellvert Svein Garmo tok over drifta av hotellet har fokuset vore mat og bruk av lokale råvarar.
Samen med Arne Brimi som byrja på Fossheimkjøkenet same året som Svein tok over, bygde dei opp det som i dag er eit av Noregs beste hotellkjøken. Vi er opptekne av å nytte mest mogleg lokale produsentar og råvarar, og hauste av nærområdet vårt.
Vår kjøkensjef ynskjer at når du kjem til Lom skal du få smake noko av det som finst her i nærområdet, frå fjell, fiskevatn og gardar. -Gjerne med ein moderne vri. Nye årstider gjev nye råvarar som sjølvsagt må brukast og han tykkjer at filosofien bak Naturens Kjøken som har opprinnelse her er noko ein skal ta vare på.
Spisesalen er open for frukost for både buande og dei som ikkje overnattar sjå oss. I resepsjonen kan du bestille matpakke og fyll av termos til dagens tur dagen før.
Kjøkkenet følgjer årstidene og nyttar råvarer knytt til dei ulike sesongane. Her på Fossheim tenkjer vi lokalt og nyttar i størst mogleg grad råvarer frå lokale gardar, fiskevatn og fjell.
Velbekomme!
Fossheim meny er ein meny der du kan du velje deg alt i frå ein til seks rettar. Spør oss gjerne dersom du vil ha litt vegleiing.
(Bestilling av 4-rettar og oppover må skje seinast kl 21:00 på vekedagar, 21.30 fredag)
Velbekomme!
Kombinasjoner:
Barnemeny
Pannekaker med rømme og syltetøy
KR 145,-
Kjøttkaker med grønnsaker og poteter
KR 195,-
Barnedessert
KR 65,-
3-rettar meny, Spør oss om meny og allergener!
Kr. 520,-
Ta kontakt med oss om du har spesielle ynskje som vedkjem ditt måltid hjå oss. Vi vil gjera vårt beste for å oppfylle dine ynskje.
Her på Fossheim har vi lokaler til små møter eller større grupper opp til 60 personer.
Send ForespørselRamma rundt ditt møte skapar ei stemning hjå deltakarane, og saman med deg skreddarsyr vi opplegget for di bedrift.
Vi legg vi til rette for små møter og større grupper på inntil 60 personar.
Vi kan i samarbeid med dei andre overnattingsbedriftane i sentrum, og
fleirbrukshuset Utgard huse større tilstelningar for opptil 600 menneske.
Mange av oss ynskjer å reise mest mogleg miljøvennleg, og til oss kan du koma deg med tog til Otta Skysstasjon viare med buss til Lom, eller du kan ta buss heile vegen. Her kan du planleggje reisa di:
Pris: kr. 550,- pr. pers.
Dag 1:
Dag 2:
Pris: kr. 2350,- pr. pers.
Ligg i eige bygg i underetasjen på Amerika med eigen inngang frå parkeringsplassen. Dette rommet kan bli satt opp som ein kinosal eller et klasserom. Som kinosal huser Senteret 60 personer, mens som klasserom huser det 48.
Dr. Garmos ligg i kjellaren på hovedbygget. Trapp ned frå baren, men også eigen inngang frå parkeringsplass. I utgangspunktet nytta som samlingslokale med bar for selskap.
Separèen: Ligg i kjellaren på hovudbygget. Plass til tolv personar rundt eit langbord. Dette er et rom som går i sammenheng med Dr. Garmos.
Biblioteket: i andre etasje i hovudbygget.
Plass til 8 rundt eit langbord. Kan setjast inn skjerm, projektor, flipover.
Mange av oss ynskjer å reise mest mogleg miljøvennleg, og til oss kan du koma deg med tog til Otta Skysstasjon viare med buss til Lom, eller du kan ta buss heile vegen. Her kan du planleggje reisa di:
For å komme til Fossbergom og Lom frå Oslo området med eiga bil, kjør E6 nordover til Otta, ta av til venstre og fortsett opp Ottadalen til Lom.
Fossbergom er plassert midt i skilje mellom Stryn ( Riksveg 14 over Strynefjellet) Sogn ( riksveg 55 over Sognefjellet) og Aust Noreg.
I sommarmånadane er dette ein viktig ferdselsveg mellom aust og vest.
Oslo: 345km | Bergen: 432km | Fagernes: 148km | Trondheim: 312km | Lillehammer: 175km | Otta: 64km | Stryn: 126km.