Jula 2025
Nyt førjulstida i lag med gode vener, familie og arbeidskameratar. Ta ei pause frå kvardagen og slapp av med god, tradisjonsrik julemat. Fossheim Hotell er eit familiedrive hotell midt i Nasjonalparklandsbyen Lom der vi er opptekne av å halde tradisjonar ved like. Vi er stolte av kulturarven vår, både når det kjem til byggjeskikk, interiør, historie og matlaging.
JULETALLERKEN MONDAG - FREDAG FRÅ
1.-18.DESEMBER KL 13.00-21.30:
Juletallerken inkludert dessert og kaffe.
Kr405 pr pers. Må bestillast på førehand.
3-RETTAR JULEINSPIRERT FOSSHEIM MENY MONDAG-FREDAG
1.-18.DESEMBER KL 18.00-21.30: Meny kjem!
Kr.720 pr. person.
TRADISJONELL JULEBORDSBUFFET KL 19.00-21.00, inkludert livemusikk i Dr. Garmo`s.
Laurdag 6. desember julebuffet kr 815 pr. person inkl. inngang livemusikk i Dr.Garmo`s.
Laurdag 13. desember julebuffet kr 815 pr. personinkl. inngang livemusikk i Dr. Garmo`s.
Musikk alle kvelder med Svein Rune Damstuen, Thomas Bakke og Knut Erik Tessnes. Dei spelar coverlåter, og har eit bredt repertoar. Musikk fra mellom 70-talet til nyere tider!
JULELUNSJ MED TRADISJONELT KOLDTBORD:
Julelunsj med tradisjonelt koldtbord blir servert desse dagane:
Sundag 7.desember kl 13:00 - 17:00
Sundag 14.desember kl. 13:00 -17:00
Kr.485 pr. person. Barn under 12 år 1/2 pris. Barn under 4 år gratis.
OVERNATTING for lunsj- og julebordsgjestar:
Enkeltrom kr 1175 inkludert frukost.
Dobbeltrom kr 1500 for to personar inkludert frukost.
Bestilling på tlf. 61 21 95 00 eller på epost: resepsjon@fossheimhotel.no
JULEGÅVETIPS:
Hugs å handle lokalt, det betyr så mykje for små bedriftar! Eit gåvekort på valfri sum eller eit konkret tilbod frå oss på mat og/eller overnatting. Med ynskje om ei fin førjulstid i bygd og by. PS: i november og desember får du med boka "Livet på Bergom" dersom du kjøper eit gåvekort på minimum 1000,- kr. Vil du ha den tilsendt saman med gåvekortet- kjem porto i tillegg.