Rom i Hovedbygget

Superior Dobbeltrom

På våre superiorrom har du meir luft rundt deg og ein eigen sofakrok der du kan slappe av med ein kopp te eller kaffe som du sjølv lagar på rommet. Eller kanskje du vil ta den med ut på verandaen og seta deg på eit saueskinn og kike opp mot fjella som lokkar? 

Dette er et stort dobbeltrom i hovedbygningen med ein sofakrok og vasskokar.

Pris: Frå kr. 2020,- inklusivt frukost.

Våre priser er dynamiske og styres av tilbud og etterspørsel.

Prisen vil derfor variere, og noen ganger kan ha få eller ingen rom til annonsert pris.

  • Sofakrok
  • Bad
  • Vannkoker
  • TV
  • Wi-Fi
  • Møblert veranda
Book opphold

Dobbeltrom

Bestemor Ingrid var oppteken av at fargane på utsida av hotellet skulle passe inn med resten av bygda og ha same farge som stavkyrkja. Vi tok med oss fargeskalaen hennar inn på romma og valde ein litt rustikk stil i fargar og tonar. 

Frå desse romma har du utsikt mot fjella i Bøverdalen eller dei gamle husa på tunet.

Romma i 2. og 3. etasje har veranda. Alle romma på Fossheim er ulike, bileta syner eit lite utval.

Pris: Fra kr. 1870 inklusivt frukost.

Våre priser er dynamiske og styres av tilbud og etterspørsel.

Prisen vil derfor variere, og noen ganger kan ha få eller ingen rom til annonsert pris.

  • Bad
  • TV
  • Wi-Fi
  • Sofa
  • Mulighet for ekstra oppreiing
Book opphold

Dobbeltrom Handicap

Er du røyrslehemma? Her er litt informasjon til deg:

Vi har eitt rom som er spesielt satt opp til deg. Rommet er utstyrt med låg dørstokk, ekstra håndtak i badet og eit dusj sete. Det er også heis opp til rommet. Utanom dette er rommet utstyrt som eit vanleg dobbeltrom.

Hovedinngangen vår har ei rampe over trappa, og innsida har flatt golv over det heile  utanom ein dørstokk som har ei lita rampe. Den smalaste døropningen er 76 cm bred, og dei fleste rullestolar kjem igjennom her.

Det er eit baderom for dei med røyrslevansker i resepsjonsområdet.

Vi håper at dette er til hjelp! Ikkje nøl med å kontakte oss om du har fleire spørsmål.

  • Låge dørstokker
  • Ekstra håndtak i badet
  • Dusj sete, ca 50 cm fra golv medrekna dusjsete.
  • Heis opp til rommet
  • TV
  • Wi-Fi
  • Sofa
  • Mulighet for ekstra oppreiing
Book opphold
Designed by Horn Media 2017