Aktivitetar

Fotturar

Galdhøpiggen

Noreg og
nord-Europas høgste fjell, og eit sjølvsagt mål for mange av dei som kjem til
Lom. Faktisk også ein av dei «lettaste» toppane å nå, med føring to gongar om
dagen i sommarsesongen frå Juvasshytta. Frå Spiterstulen kan du gå utan guide,
men da er turen litt lengre. 

Sjekk denne sida for meir informasjon om turen til

Besseggen

Berømt og
berykta,  og besøkt av vel 30000
mennesker kvart år! Turen er beregna frå 5-7 timar, og dei fleste tek båten frå
Gjendesheim til Memurubu og går over Besseggen attende. Gjendebåten har nytt
bookingsystem i år, og du kan nå bestille billett på førehand. 

Her har du
linkar til denne og meir informasjon om

Smørstabbtindane

Tinderekke som skil Jotunheimen frå Sognefjellet. Strekkjer seg frå Loftet, via Store Smørstabbtind til Storebjørn med mange tindar og toppar imellom. Ligg med Jotunheimens største brear rundt seg og er eit eldorado for topptur, tinderangling, klatring, vårskitur og bretur.

Lomseggen/Storivilen

Frå Fossheim kan du
ikkje unngå å leggje merke til Lomseggen, toppen som ligg midt i Lom og skil
Bøverdalen frå Ottadalen.  Opp hit har du
fleire stigar å velge mellom, og du kan gå på «turisttoppen» fremst for å få
fantastisk utsikt over Lom og dalane rundt, eller ta turen heilt til toppen
Storivilen for å kunne krysse av ein 2000-meters topp på lista. 

Ta gjerne turen
innom Smithbue, som ligg på Bøverdalssida nesten oppe på toppen!

Glittertind

Glittertinden er Noregs nest høgaste fjell med ein bre på toppen.

Du kan gå frå Spiterstulen eller Glitterheim.

Kyrkja

Majestetisk og flott, og ikkje så langt. Du startar på Leirvassbu og fylgjer merka stig på toppen.

Fotturar med utgangspunkt frå Fossheim:

Tur frå Ausa ned til Lom sentrum

Vi har eit eige kart med turar du kan starte på rett utanfor døra! Du kan også laste det ned her.

Soleggen Kulturstig

5-timars tur der du
kan sjå til heile fem nasjonalparkar på runda. Høgste punktet ligg på 1070 moh.
Her fins det mange moglegheiter for kortare variantar av turen, til dømes til
Nonshaug.

Bordvassvegen kulturstig

3-timars tur der du
fylgjer ein gamal vassveg og får kjennskap til den gamle vatningskulturen i
Lom.

Tronoberget

3-timars tur ganske
bratt oppover, der du kan forlenge turen til Geitopphøe.

Skimhytta

Kort rusletur langs
med elva på motsett sida av Lom. Ender opp ved ei grillhytte og eit svaberg som
stikk ut i elva og er perfekt for ein dukkert ein varm sommardag. Gå gjerne
enda lengre bort til Staurust, restane av eit gamalt gardsbruk.

Klatring og buldring

3 km frå sentrum i Lom finn du Tronoddberget klatrefelt. Både bolta og naturleg sikring.

Klatretårnet ved Sport1-butikken er åpent i sommarsesongen.

Buldrerom finst ikkje langt frå sentrum.

Jotunheimen Fjellsportklubb
Lom Buldrerom

Klatrepark

Det finst fleire klatreparkar, vi vil anbefale Galdhøpiggen klatrepark ikkje langt frå Raudberstulen, kontakt Aktiv i Lom og Brimiskogen klatrepark ikkje langt frå Brimi Fjellstugu.

Aktiv i Lom hjemmeside
Brimi klatrepark hjemmeside

Friluftsaktiviteter

Fiske

Mange fine
fjellvatn, og mykje fin fisk på Skim, området der elva Bøvra møter Ottaelva
rett utanfor Lom sentrum. Informasjon om fiskereglar
og kort finn du her:

Kajakk/kano

Aktiv i Lom har utleie av kajakk og kano i Lom: www.aktivilom.no

I Skjåk kan du leie sjå Lom og Skjåk Adventure: www.lsadventure.com

Diskgolfbane

For sendeplåte(frisbee) i Bøverdalen besøk Flåklypa Sendeplatelag på Facebook profilen deres.

Ridning

Raudbergstulen og Fjelleventyret tilbyr dei ridning.

Vass-sport

Rafting, juving/duckying/grotting: Lom og Skjåk Adventure har eit stort utvalg av aktivitetar i og rundt vatnet! For mer info sjekk ut heimesida deira på: www.lsadventure.no

Elgsafari

Lom og Skjåk Adventure tilbyr også elgsafari.

Sykkel

Sti:

Det finnes fleire stiar rundt Lom det går an å sykle, dersom ein er litt erfaren som stisyklist.

Veg:

Det er fleire
sykkelritt som går gjennom Lom, og her ligg ei lenke til ein syklistblogg med mykje bra informasjon om ulike
sykkelrutar rundt         Lom:

Aktivitetsparken

Rett ved riksveg 15
i Lom Sentrum ser du eit stort klatretårn. Her finn du Aktiv i Lom sin
aktivitetspark der ein kan klatre, hoppe i gyrotrampoline, vanleg trampoline,
skate eller spele minigolf. I 2017 åpna ei tråbil bane for ungar, og ei cross sykkelløype på området.

Zipline

Med Aktiv i Lom kan
du kjenne på adrenalinrushet med ein tur under
brua  og over sjølve Prestfossen i ein
sele på ei line!

Rådyrtrakket barnenaturstig

Flott naturstig i
friluftsområdet Presthaugen i Lom, der ein går ei runde og leitar etter dyr i
skogen. Stikk innom Norsk Fjellsenter etter hefte med beskrivelse av dyra du
kan finne på turen.

Langrenn

Mykje fine oppkjørte løyper kan du finne mot Lemonsjøen, i Lia og i Visdalen blant anna.

På vår-parten er det og mogleg med langrenn på Sognefjellet i shorts og solskin! -Spør i resepsjonen så får du tips og kjøreinstruks.

Alpine skiturar

Om du vil gå på
fjellski, randonnè eller splitboard er opp til deg. Men fjell å gå på finn du
nok av i Lom! Leirdalen er eit perfekt utgangspunkt for mange flotte turar. Om
vegen er brøyta heilt til Krossbu på vinteren er dette også eit kjempefint
utgangspunkt. Mot Strynefjellet kan ein også reise, og om været er dårleg i den
retningen kan ein ta turen mot Valdresflya. Hugs å kose deg like mykje på tur oppover som nedover, og at ein ikkje alltid må på toppen for å få ei flott oppleving og fine svingar i sjogen.

Vi hjelp gjerne til med å
skaffe guide til turen dersom du vil ha det!

Vi har også nokre pakketurar med mat, overnatting og guiding inkludert, sjå pakketilbuda våre!

Visit Jotunheimen har  mykje informasjon og turbeskrivelsar på ski i området vårt


Kulturreise

Lom Nasjonalparklandsby

Fossberg er det opprinnelege, lokale namnet på Lom sentrum. Namnet kjem av at det stakk fram nakne berg fleire stader der bygdasenteret etter kvart voks fram. (Foss)Bergom er dativ fleirtalsform. Frå Fossheim kan du vandre mellom dei forskjellige atraksjonane, stikke innom butikkane og bakeriet til Morten Schakenda eller prøve det tradisjonsrike kafemiljøet i Lom sentrum.

Den 27. februar 2008 vart Lom Kommune utpeikt som ei av 23 nasjonalparkkommunar, og Fossbergom fekk status som nasjonalparklandsby. Det er i dag 5 nasjonalparklandsbyar i Noreg.

Dette er eit prosjekt som er meint å styrke verdiskapinga i kommuner og lokalsamfunn med utgangspunkt i nasjonalparken sin verdi som kvalitetsstempel på villmarksnatur.

Ein landsby skal framstå som kulturberar med bevisstheit rundt eigne tradisjonar, og skal kunne tilby produkt og opplevingar med lokalt tilsnitt. Det er mellom anna lagt vekt på at ein nasjonalparklandsby skal vise ei bevisst haldning til nærleiken til nasjonalparken og profilering av denne.

Litt av kva du kan sjå i Lom:

Desse er merka av på kartet over Bergomsrunda. Sjå på kartsida eller last det ned her:

http://www.lom.kommune.no/turkart.261607.nn.html

LOM STAVKYRKJE

Lomskyrkja er ei av dei største og vakraste stavkyrkjene i landet. Ho skriv seg frå 1170 og er framleis i bruk som hovudkyrkje i Lom. Korbogen og preikestolen er forma av den kjende treskjeraren Jacob Sæterdalen.

LOAR

Dette er den gamle Prestegarden i Lom. Gjennom dei siste 50 åra har dette vore skuleanlegget i Lom heilt til den nye barneskulen vart bygd. Sjølve bygget husar nå husflidsutslag, stavkyrkjesenter og Lom bibliotek som vart årets bibliotek i 2012.

Steinfjoset er den einaste originale bygningen som står att etter at området var prestegard i Lom. Steinfjoset er eineståande i sitt slag i Noreg.

NORSK FJELLSENTER

Fjellsenteret har som hovudmål å synleggjera kva fjellet har betydd og fortsatt betyr for menneska. Museet er autorisert informasjons-senter for Jotunheimen nasjonalpark.

Ombygd og nyåpna i 2015 og framstår nå som eit naturleg samlingspunkt og infosenter for turglade folk som er interessert i naturen rundt oss.

STORSTABBURET

Storstabburet frå 1500-talet er det største i landet. Det var kornmagasin og lagerplass for tiende, og ligg på sin opphavlege plass. Storstabburet er nå ein del av Lom Bygdamuseum og vert brukt til utstillingar.

LOM BYGDAMUSEUM/PRESTHAUGEN

Museet ligg i Presthaugen, som er eit friluftsområde i sentrum av Lom. Museet er bygd opp slik vi ville ha funne ein gard i Lom for omlag 150 år sidan, og gjev eit godt bilete av byggjeskikken og verksemda i det gamle sjølvhus-haldet. Museet har og husmanns-plass og seter, båe viktige delar av gardsmiljøet i Lom på 1800-talet. Restaurert vassveg i museums-området.

LOM SENTRUM OG VASSVAGLEN

Lom sentrum har vore kåra til det finaste innlands sentrumet i landet. Fossbergom er eit lite og intimt sentrum med eit yrande folkeliv om sommaren. Det har heile tida vore ei bevist haldning til byggestil og fargebruk noko som har skapt ei heil spesiell atmosfære. Vassvaglen vart reist av Lom kommune i 1985. Eit gamalt ordtak i Lom seier "Gjev Vårherre oss sol, skal oss skaffe væte sjølve". Vassvaglen skal minne om korleis vatnet vart ført i trolag (vassrenner) frå vassvegane til åker og mark på kvart gardsbruk i bygda.

FOSSHEIM STEINSENTER

Geologisk museum med den største utstillinga av norske mineral- og smykkestein i landet. Butikk/verkstad og møteplass for steininteresserte frå mange land. Thulitt - Noregs nasjonalstein - vert utvunne i Lom. 

BØVRA, PRESTFOSSEN OG UTLEGGSBRUA

Bøvra er ei typisk breelv med svært stor massetransport og store variasjonar i vassføringa. Bre-erosjonen og avsmeltinga i fjellet set preg på elva. Utleggsbrua vart bygd i 1990/91. Den knyter saman turveg-nettet i og rundt sentrum og fram-hevar det ville og vakre landskapet der Bøvra stupar seg utfor Prestfossen. Utleggsbrukonstruksjonen er svært gamal, og vi må truleg attende til førre hundreåret for å finne denne konstruksjonen i aktiv bruk. Opphavleg har det vore ei utleggs-bru om lag på same plassen, og den nye brua trekkjer linene attende til tidlegare tider på ein fin måte.

Handel

Lom sentrum kan tilby bl.a dette av butikkar:

  • Sportsbutikkar: Fjell og Fritid og Sport1 Lomseggen, sportsavdeling 2 etg. på Coop Extra.
  • Smak i Lom: Lokalmat og lokalt ølutsalg, samt servering av enkle rettar og øl.
  • Bakeriet i Lom: «Verdskjent» bakeri med nydelege bakervarer, sandwich, varm lunsj innimellom og espressokaffe!
  • Apotek, urmaker, optiker og vinmonopol i same bygget ved rundkjøringa
  • Brimibue: Gavebutikk med kjøkenutstyr, tekstilar, te, krydder o.l.
  • Fjoset: Blomster og gavebutikk. Garn, klær, smykker, te, kaffe, lys, souvenirer.
  • Hårloftet: Frisør, dameklær, sminke og interiør.
  • Beautybag: Pop-opp butikk om sommaren med økologisk hudpleie. Nettbutikk heile året; www.beautybag.no
  • Matbutikkar: REMA 1000 aust-sentrum, COOP Extra og KIWI i sentrum
  • Bensinstasjonar: Best og Esso, båe i sentrum.
  • Bygg: Byggern i sentrum, Gausdal Landhandel aust-sentrum.
  • ‍Nille og Only i 2.etg på COOP.
  • ‍Europris, austsentrum.
  • Lomsprodusentane: lokalt produsert handverk og brukskunst i kjellaren på Loarbygget ved kyrkja.
  • Norsk Fjellsenter: Kart, turbøker og fjell-litteratur, gaver og turgodt.

Våre favorittar!

Annette, resepsjonist

Et lite steinkast frå hotellet ligger Tronobrua, et fin utgangspunkt for store og små til Skimhytta. Ca 4 km gange tur/retur på lett tursti. En åpen hytte med mulighet for å grille/fyre bål. Ta med kaffe og nistepakke, kan nytes ute på svaberget nede ved elva eller inne i hytta. Vi pleier ta noen kast med fiskestanga, største fisken vi har tatt var på 700 gr. Husk fiskekort til Skim grunneigarlag

Heidrun, Dagleg leiar og vertinne

Presthaugen. Kjøpe med kaffe og bolle frå Bakeriet og seta seg i tunet og nyte stillheita. Eller ein tur ned til «Kjerringholet», ministranda ved utleggsbrua rett i sentrum.

Svein Garmo, vert

Fisking på Sognefjellet!  Når siste gjest har fått desserten, og eg kan ta kvelden, hendar det eg set meg rett i bilen og køyrer opp Bøverdalen til Sognefjellet. Der er det mange småe vatn med fin fisk, og landskapet er fantastisk. Der er stille og roleg, og på ljose sommarkveldar er det perfekt å sitte der med ein bålkaffe og sjå fisken vake. 

Martina, romstell

Min favoritt er å ta med hengekøya ned til elva og slappe av der!

Ingrid, servitør

Nonshaug! -Kortaste vegen til ei flott utsikt over Lom som eg aldri blir lei. Det er noko eige med å slite seg opp i motbakkar gjennom skogen og så svinge av stigen, gå ut mot kanten og så plutseleg opnar det seg og ein får DEN utsikta!  Etterpå går eg rett til Bakeriet, kjøper meg ein latte og ein kanelbolle og tek den med opp på den «hemmelege» takterrassa der eg nyt sola og suset frå Prestfossen :) På vinteren når det lir mot vår tek eg gjerne telemarkskia til Leirdalen og prøver meg på ein av toppane der.

Tadej, kokk

Min favoritt i Lom er Svein Garmo :)

Edgaras, kokk

Det eg likar best ved Lom er å kvar kveld etter arbeid gå ut og sjå mot Lomseggen, og sjå at akkurat den utsikta er annleis kvar einaste kveld. Ljoset og himmelen endrar seg, og akkurat dette synet blir eg aldri lei.  Ellers har eg og Svein Garmo som ein favoritt.