Kultur - pakka 2024

Nysgjerrig på historia til den vesle bygda vår?

Lom har status som nasjonalparkkommune og kommunesenteret som nasjonalparklandsby. -Du kan faktisk sjå tre nasjonalparkar frå Lom! Eit kompakt sentrum med mange butikkar, serveringstilbod og kulturelle tilbod skapar eit spanande landsbypreg.

Elva Bøvra som fossar gjennom sentrum, er eit fotomotiv for tusenvis av menneskje gjennom sumaren.

 

Fossheim Hotell er 127 år, eit historisk hotell i sentrum av Lom. Vi har open restaurant kvar dag og serverar alt frå hovedrett opp til 6-rettar meny.

Hos oss kan du overnatte i hotellrom eller meir privat i hytte. Hund er tillate på nokre av våre rom og hytter.

Forslag til aktivitet med gåavstand frå hotellet:

-        Lom stavkyrkje

-        Norsk Fjellsenter – museum, utstillingar og butikk

-        Presthaugen- Lom bygdamuseum

-        Fossheim Steinsenter Ei av europas største geologiske utstillingar! Museum og butikk. Sal av bla a smykker og steinprodukt

-        Diktaren Tor Jonsson- vandretur til «stusslegstugu»

-        Lom folkebibliotek Kåra til Årets Bibliotek 2012, nå også med kaffe og biteti for dei som ynskjer slå seg ned med ei bok.

-        Bergomsrunda 2,5 km- ei kulturvandring i Lom.

Forslag til aktivitet i Lom-med bruk av bil:

-        Aukrust Gard og Urteri. Besøk gårdsbutikken, bestill omvisning- servering om ein ynskjer det.

-        Haukdalen- Kitty Wentzels kunstnarheim. Omsyning etter avtale.

Prisoversikt for 2 døgn (opphaldet må minimum vera 2 døgn) inkludert 3 retter Fossheim meny begge kveldane og frukost begge dagar.

Dobbeltrom 2 netter inkludert frukost to dagar og 3 retter middag båe kveldar kr 3080 ,- pr. pers

Enkeltrom 2 netter inkludert frukost to dagar og 3 retter middag båe kveldar kr 3900,-

Tillegg ekstraseng 1 pers inkl frukost og middag båe kveldar kr 1820,- pr. pers

Barn under 4 år bor gratis i samme rom som foreldre, 1/2 pris på mat. Barn under 12 år kr 1210,- per pers.

For større menyar sjå oversikt under mat og drikke her på vår heimeside.

Hund på rommet kr 150,- vaskegebyr (må bestilles på forhånd).

Tilbodet gjelder mai – oktober.

Kontakt oss for tilbod eller bestill på tlf. 61 21 95 00 / epost: resepsjon@fossheimhotel.no