Bli med på laget!

Nå søkjer vi etter fleire folk til sesongen!

Nattevakt:

Vi ser etter deg som er glad i folk, likar å få gjestar til å trivast og ynskjer å yte god service.

Du er ansvarleg, pratar godt norsk og engelsk, er service-retta og likar å ha litt å gjere. Arbeidet består i å kommunisere med gjestar, sjekke inn og ut gjestar, rydde, brannansvar, noko bar. Vi har eit livleg arbeidsmiljø der vi spelar kvarandre gode og arbeider som eit team. Du vil få opplæring og oppfylgjing. Arbeidstid natt kl 23.00-07.00

Du bør prate norsk eller eit anna nordisk språk og helst vera over 18 år. Men søk gjerne om du er yngre og!

Oppstart i juni

Resepsjonist:

Du er den fyrste gjesten møter og likar å prate med folk! Løysingsorientert og serviceinnstilt. Arbeidet består av å ta imot bestillingar over telefon og epost, innsjekk og utsjekk av gjestar. Du bistår gjestane med informasjon om Lom, turmoglegheiter og alt dei måtte lure på.

Du bør beherske norsk eller svensk, og engelsk. Kommunikasjon foregår både skriftleg og munnleg.

Oppstart i juni

Servitør:

Du er glad i folk! Vil gjera matopplevinga til gjestane så bra som råd.

Arbeidet består i å ta imot gjestar, presentere meny og gje råd om drikke til. Servering, prate med gjestane, hjelpe kollegaer, yte god service og vera hotellet og kjøkenet sitt andlete mot gjestane. Opplæring og oppfylgjing vil bli gjeve.

Det er ein fordel om du er over 18, men ikkje noko krav. Kjennskap til restaurant og servering frå før er også eit pluss.

Det viktigaste er at du har godt humør og vil strekkje deg langt for at gjesten skal trivast.

Oppstart medio mai / byrjinga av juni

Reinhald:

Du er av dei viktigaste vi i arbeid! Effektiv og nøye og god på å samarbeide med kollegaer. Du smiler gjerne til gjesten og helsar blidt.

Oppstart juni

 

Kokk og kjøkkenpersonale

Du vil assistere kjøkensjefen og soussjefen. Har erfaring frå restaurant kjøken frå før. Du pratar engelsk eller eit nordisk språk og er både sjølvstendig og god på samarbeid.

Spørsmål og søknad kan sendast til heidrun@fossheimhotel.no