|
Visst ligg Fossheim i ein liten avkrok i verda; innunder høge toppar og bratte fjellsider i Lom. Men ein susar ikkje forbi Lom - ein stoppar opp - tek eit frikvarter - opplever - kosar seg. Slik er det å koma til Fossheim.
Hotellvert og vinkjennar Svein Garmo er tredje generasjons eigar på Fossheim Turisthotell. Vertskapet ynskjer at å koma hit skal vera som å koma heim til oss.
På Fossheim er vi opptekne av å halde tradisjonar ved like. Vi er stolte av kulturarven vår, både når det gjeld byggeskikk, anna handverk og ikkje minst maten. Prøv eit av våre matkurs der våre kokkar vil røpe nokre av triksa sine.
Fossheim og Lom er eit ypperleg utgangspunkt for turar i Jotunheimen, som vårskitur, fottur, tinderangling, topptur, klatring, juving, bretur, rafting, kulturvandring og landsbyvandring, og det finst alternativ for folk i alle aldre og med ulik fysisk form. Elles er det nok å berre vera til og nyte livet i Lom og på Fossheim.
Fossheim held ope heile året bortsett frå mellom 17.desember og 15.februar. |