Langstrakte vidder, tindrande toppar og nydelege preparerte løyper lokkar i vinterferien!
Fossheim hotell er eit ypperleg utgangspunkt for skiturar i Jotunheimen, kulturvandring og landsbyvandring i sentrum av Lom.
Her finn du alternativ for folk i alle aldre og med ulik fysisk form. I resepsjonen tilbyr vi tips til turar og gratis kart til våre gjestar.
*Skihytta i Lia er kun 10 min. køyring frå hotellet. Maskinpreparerte løyper i idyllisk skogsterreng og på arenaen.
Status for oppkøyrde løyper (kart) og oversikt over langrennsmoglegheiter i området, finn du her: http://lom-idrett.no/ski/loyper/
*Jotunheimen alpinsenter ved Lemonsjøen er kun 30 min. køyring frå hotellet. Her har dei flotte snøforhold og bakkar for einkvar smak.
*Vågåfjell skiløyper kan tilby 80 km med flotte langrennsløyper. Det meste av dette er maskinpreparert og held høg kvalitet.
Les mer om løypene på: http://www.vagaskispor.no/
Prisoversikt for 2 døgn (opphaldet må minimum vera 2 døgn).
Barn under 4 år bor gratis i samme rom som foreldre, 1/2 pris på mat. Barn under 12 år kr 905,- per pers.
Enkeltrom 2 netter inkludert frukost to dagar og 3 retter middag ein kveld kr 2810,-
Dobbeltrom 2 netter inkludert frukost to dagar og 3 retter middag ein kveld kr 1990,- pr. pers
Tillegg ekstraseng 1 pers inkl frukost og middag en kveld kr 1210,- pr. pers
For større menyar sjå oversikt under mat og drikke her på vår heimeside.
Hund på rommet kr 150,- vaskegebyr (må bestilles på forhånd).
Tilbodet gjelder 19.februar - 3.mars. NB! Vi har stengt spisesal sundagar,difor gjeld ikkje tilbodet med middag 25-26/2.
Kontakt oss for tilbod eller bestill på tlf. 61 21 95 00 / epost: resepsjon@fossheimhotel.no