Vinterferietilbod 2019

Langstrakte vidder, tindrande toppar og nydelege preparerte løyper lokkar i vinterferien!

Fossheim hotell er eit ypperleg utgangspunkt for skiturar i Jotunheimen, kulturvandring og landsbyvandring i sentrum av Lom. 

Her finn du alternativ for folk i alle aldre og med ulik fysisk form. I resepsjonen tilbyr vi tips til turar og gratis kart til våre gjestar.

*Skihytta i Lia er kun 15 min. køyring frå hotellet. Åslirunda er ca 8 km lang med maskinpreparerte løyper i idyllisk skogsterreng.

Status for oppkøyrde løyper (kart) og oversikt over langrennsmoglegheiter i området, finn du her: http://lom-idrett.no/ski/loyper/

*Jotunheimen alpinsenter ved Lemonsjøen er kun 30 min. køyring frå hotellet. Her har dei flotte snøforhold og bakkar for einkvar smak.

*Vågåfjell skiløyper kan tilby 80 km med flotte langrennsløyper. Det meste av dette er maskinpreparert og held høg kvalitet. 

Les mer om løypene på: http://www.vagaskispor.no/

Prisoversikt for 2 døgn (opphaldet må minimum vera 2 døgn). Barn under 4 år bor gratis i samme rom som foreldre, 1/2 pris på mat.

Enkeltrom 2 netter inkludert frukostbuffet to dagar og 3 retter middag ein kveld kr 1750,-

Dobbeltrom 2 netter inkludert frukostbuffet to dagar og 3 retter middag ein kveld kr 1500,- pr. pers

Tillegg ekstraseng 1 pers inkl frukostbuffet og middag en kveld kr 1225,- pr. pers

For større menyar sjå oversikt under mat og drikke her på vår heimeside.

Kontakt oss for tilbod eller bestill på tlf. 61 21 95 00 / epost: resepsjon@fossheimhotel.no