Viltkveld fredag 23. og laurdag 24. oktober

Vi dekkjer borda i restauranten og ynskjer velkomen til 4 rettars Viltmiddag. Dessert og kaffe kan serverast i peisestugu om dykk ynskjer det.

Vi fyrar i peisen og lovar god stemning!

Kveldens meny er:

Grava hjort frå Lom med tytingrømme og salat

***

Sjøkrepssuppe med sjøkreps frå Luster

***

Flatbiff av rein med tytingpære og viltkremsaus

***

Trilogi på multer


Restauranten er open kl. 18.30- 22.00

Vaksne kr: 590,-

Barn under 12 år 1/2 pris, eigen barnemeny dersom ynskjeleg.

Ved bestilling ynskjer vi å vite om dykk kan sitje i lag som ei gruppe, eller med 1 meter i mellom. Dette for å gje alle ei trygg og triveleg matoppleving sjå oss

Bordreservasjon på tlf. 61 21 95 00 eller på epost: resepsjon@fossheimhotel.no