Toppturar randonee våren 2022

Frå slutten av april og utover vårmånaden mai vert dagane lengre og sola helsar oss velkomne til fjells -Jotunheimen er eit fantastisk området å oppleva på ski!

Alle turane med unntak av turen til Galdhøpiggen, startar frå området ved Krossbu som ligger 45 min kjøretid frå oss i Lom sentrum.

For å delta på topptur med oss bør du ha gått på topptur med skiutstyret ditt før, vera kjend med teknikk, utstyr og trygg på nedkøyring. Du bør ha kunnskap om trygg ferdsel. Turane eignar seg både for fjellski og randonee. Du må ha spade, søkestang og sendar/mottakar sjølv - om du ikkje har kan dette leigast av oss.

Planlagde turar kl 10-17:
Laurdag 30.april Kalven
Sundag 1.mai Storebjørn
Laurdag 7.mai Veslebjørn
Sundag 8.mai Store Smørstabbtinden
Laurdag 14.mai Veslebjørn (fullbooka overnatting på Fossheim)
Sundag 15.mai Kalven
Sundag 15.mai Midnattstur i måneskinn til Galdhøpiggen
Tysdag 17.mai Kalven
Laurdag 21.mai Storebjørn
Sundag 22.mai Store Smørstabbtinden

Pris pr. person: 1300,-

Meir informasjon og book turen frå nettstaden Guiding Randone - Aktiv i Lom

Som deltakar får du fylgjande pris hos oss på Fossheim hotell:
Enkeltrom kr. 985 pr. natt. Dobbeltrom kr. 625 pr. pers pr. natt. Ekstraseng i dobbeltrom kr 395,-
Prisen inkluderar frukost mellom kl 7.00-10.00.

Bestill overnatting på tlf. 61 21 95 00 eller på epost: resepsjon@fossheimhotel.no