Seniorrabatt vekedager

I nasjonalromantikken si vugge Lom,
ligg alt til rette for ei unik oppleving. Høge
fjell og djupe dalar omkransar Nasjonalparklandsbyen og set ramma for eit unikt
opphald.

Fossheim Hotell er eit historisk og
tradisjonsrikt hotell midt i Lom i Jotunheimen. Her får
du god overnatting i ei roleg atmosfære.

Restauranten vår er open kvar dag kl 18.00-21.30, der kan du nyte ein god middag tufta på lokale
råvarer frå nasjonalparkane rundt oss. Bordbestilling til resepsjon.

Hotellvert og vinkjennar Svein Garmo er
tredje generasjons eigar på Fossheim Hotell.

Saman med dottera Heidrun driv dei
familiehotellet vidare. Vertskapet ynskjer at å koma hit skal vera som å koma heim til oss.

Fossheim og Lom er eit ypperleg
utgangspunkt for turar i Jotunheimen, kulturvandring og landsbyvandring. Her
finst det alternativ for folk i alle aldre og med ulik fysisk form. Elles er
det nok å berre vera til og nyte livet i Lom og på Fossheim. 

Fossheim og Lom er ein naturleg
stoppestad når du skal frå aust til vest, enten over Sognefjellet, Valdresflyet
eller Strynefjellet. 

Velkomen til fagre Lom og Fossheim
Hotell!

40%rabatt på rom og frukost i vekedager måndag til fredag frå fylte 67 år.

*Gjeld ikkje juni, juli og august. Gjeld ikkje i leiligheter eller superiorrom.

Bestill på tlf. 61 21 95 00 eller på epost: resepsjon@fossheimhotel.no