Fossheim hotell er eit ypperleg utgangspunkt for skiturar i Jotunheimen, kulturvandring og landsbyvandring i sentrum av Lom.
Her finn du alternativ for folk i alle aldre og med ulik fysisk form. I resepsjonen tilbyr vi tips til turar og gratis kart til våre gjestar.
*Skihytta i Lia er kun 12 min. køyring frå hotellet. Åslirunda er ca 8 km lang med maskinpreparerte løyper i idyllisk skogsterreng.
Status for oppkøyrde løyper (kart) og oversikt over langrennsmoglegheiter i området, finn du her: http://lom-idrett.no/ski/loyper/
*Jotunheimen alpinsenter ved Lemonsjøen er kun 30 min. køyring frå hotellet. Her har dei flotte snøforhold og bakkar for einkvar smak.
*Vågåfjell skiløyper kan tilby 80 km med flotte langrennsløyper. Det meste av dette er maskinpreparert og held høg kvalitet.
Les mer om løypene på: http://www.vagaskispor.no/
Vår restaurant er open kl 18.00-21.30 kvar dag, bordreservasjon til resepsjon.
*Langfredag blir det arrangert uhøgtideleg quiz på hotellet, salg av gode pølser med tilbehør.
Prisoversikt for 2 døgn (opphaldet må minimum vera 2 døgn).
Barn under 4 år bor gratis i samme rom som foreldre, 1/2 pris på mat. Barn under 12 år kr 885,- per pers.
Enkeltrom 2 netter inkludert frukost to dagar og 3 retter middag ein kveld kr 2680,-
Dobbeltrom 2 netter inkludert frukost to dagar og 3 retter middag ein kveld kr 1890,- pr. pers
Tillegg ekstraseng 1 pers inkl frukost og middag en kveld kr 1170,- pr. pers
(For større menyar sjå oversikt under mat og drikke her på vår heimeside, eigen meny skjærtorsdag, langfredag og påskeaften)
Tilbodet gjelder 2. til 10. april 2023.
Bestill på tlf. 61 21 95 00 / epost: resepsjon@fossheimhotel.no