Påskeferietilbod 2022

Langstrakte vidder, tindrande toppar og nydelege preparerte løyper lokkar i påskeferien!

Fossheim hotell er eit ypperleg utgangspunkt for skiturar i Jotunheimen, kulturvandring og landsbyvandring i sentrum av Lom. 

Her finn du alternativ for folk i alle aldre og med ulik fysisk form. I resepsjonen tilbyr vi tips til turar og gratis kart til våre gjestar.

*Skihytta i Lia er kun 15 min. køyring frå hotellet. Åslirunda er ca 8 km lang med maskinpreparerte løyper i idyllisk skogsterreng.

Status for oppkøyrde løyper (kart) og oversikt over langrennsmoglegheiter i området, finn du her: http://lom-idrett.no/ski/loyper/

*Jotunheimen alpinsenter ved Lemonsjøen er kun 30 min. køyring frå hotellet. Her har dei flotte snøforhold og bakkar for einkvar smak.

*Vågåfjell skiløyper kan tilby 80 km med flotte langrennsløyper. Det meste av dette er maskinpreparert og held høg kvalitet. 

Les mer om løypene på: http://www.vagaskispor.no/

Prisoversikt for 2 døgn (opphaldet må minimum vera 2 døgn).

Barn under 4 år bor gratis i samme rom som foreldre, 1/2 pris på mat. Barn under 12 år kr 765,- per pers.

Enkeltrom 2 netter inkludert frukost to dagar og 3 retter middag ein kveld kr 2500,-

Dobbeltrom 2 netter inkludert frukost to dagar og 3 retter middag ein kveld kr 1780,- pr. pers

Tillegg ekstraseng 1 pers inkl frukost og middag en kveld kr 1320,- pr. pers

For større menyar sjå oversikt under mat og drikke her på vår heimeside.

Klikk her for å bestille:

Tilbodet gjelder 8. til 17. april 2022.

Kontakt oss for tilbod eller bestill på tlf. 61 21 95 00 / epost: resepsjon@fossheimhotel.no

Oppdatert covid-19 informasjon: