Klimapark 2469 & Fossheim Hotell 2019


70 meter inn i isen og 7000 år attende i tid!

Bli med på guida fottur gjennom Klimapark 2469 ved Galdhøpiggen og inn i den unike istunnelen. Avslutt dagen med ei kulinarisk oppleving på Fossheim hotell!

Pakka gjelder frå 24.juni - 25.august, så i helgene frå 31.august - 15.september.


Praktisk informasjon:

Frå Fossheim til Juvasshytta tek det omlag 45 minutt med bil. God tur langs den høgaste bilvegen i Noreg! Bompassering kr 100,-

Klimaparken er eit utandørs opplevingsområde 1800 meter over havet med dagleg guiding i sommarsesongen. Ein naturvegleiar møter deg og resten av gruppa ved Juvasshytta ved Galdhøpiggen. På den nesten kilometerlange turen langs gangbana over Juvflye forteller naturvegleiaren om klima, historie, geologi og biologi i høgfjellet.

Turen blir avslutta i den vakre istunnelen i Juvfonne. Tunnelen er hogd inn i isen med gangar og rom og har ein kinosal. Naturvegleiaren tilpassar informasjonen til gruppa, og gjer turen spennande og lærerik også for ungar. Totalt tek den guida turen om lag 2,5 timar. Merk at istunnelen berre er tilgjengeleg saman med naturvegleiar på guida tur. Etter besøket i istunnelen kan du på eige hand ta turen langs stigen bort til utkikkspunktet mot Kjelbreen.

Sko og klede

Ta med fjellsko/ varme sko, vindtette klede, lue og vottar på turen i klimaparken.

Prisliste:

Per person i dobbeltrom: Kr 2980,- + guide billett

Per barn(u.12 år) i ekstraseng: Kr. 1165,- + guide billett

Inkludert i prisen er:

Ankomst og 3 retters Fossheim meny dag 1.

Frokost, smøring av nistepakke med fyll av termos. Dykk kjøyrer i egen bil til Juvasshytta, i høgsesongen går
det buss frå sentrum av Lom.

4 retters
Fossheim rype meny og overnatting dag 2.

Frokost og
avreise dag 3.

Tillegg i prisen er guide billett:

Vaksen: kr 345 / barn 4-18 år: kr 175
Familie: kr 790 (foreldre med barn under 18 år)

(Billett i klimaparken gjev 50 % rabatt på inngangsbillett på Norsk Fjellsenter i Lom)

For bestilling av pakka Klimapark 2469 og Fossheim hotell, mail: resepsjon@fossheimhotel.no / tlf: 61219500