Jula 2022

Nyt førjulstida i lag med gode vener, familie og arbeidskameratar. Ta ei pause frå kvardagen og slapp av med god, tradisjonsrik julemat. Fossheim Hotell er eit familiedrive hotell midt i Nasjonalparklandsbyen Lom der vi er opptekne av å halde tradisjonar ved like. Vi er stolte av kulturarven vår, både når det kjem til byggjeskikk, interiør, historie og matlaging.

JULETALLERKEN MONDAG - FREDAG FRÅ 28.NOVEMBER-16. DESEMBER KL 13.00-21.30:

Juletallerken inkludert dessert og kaffe.

Kr 345,- pr pers. Må bestillast på førehand.

JULEINSPIRERT FOSSHEIM MENY MONDAG-FREDAG 29.NOVEMBER-17.DESEMBER KL 18.00-21.30:

Rakfiskmousse med mjukbrød og eggekrem

****

Bakt kveite med ertepurè og krema fiskesaus

****

Gin- og tonic granitè

****

Andebryst med raudkål og julekrydra raudvinssjy

****

Ostetallerken

****

Julekrydra Cremè Brulèe med heimelaga sorbet

3 rettar jule meny kr. 560,- pr. person.

4 rettar jule meny kr. 660,- pr. person.

6 rettar jule meny kr. 850,- pr. person.

BUGNANDE JULEBORDSBUFFET KL 19.00-21.30 OG LIVEMUSIKK KL 21.30-02.00:

Laurdag 26. november julebuffet kr 645,- pr. person inkl inngang livemusikk i Dr. Garmo`s.

Laurdag 03. desember julebuffet kr 645,- pr. person inkl inngang livemusikk i Dr. Garmo`s.

Laurdag 10. desember julebuffet kr 645,- pr. person inkl inngang livemusikk i Dr. Garmo`s.

Laurdag 17. desember julebuffet Kr 645,- pr. person inkl inngang livemusikk i Dr. Garmo`s.

Etter mat blir det livemusikk i baren eller dykk kan nyte rolegare omgjevnader framfor elden i peisestugu.

26/11 og 3/12 spelar Jon Kolden. Her får du høyre store countryhits frå dei siste 50 åra, i tillegg til hans eigne låtar.

10/12 spelar Geir Byre og Tormod Sperstad. Dei spelar kjende låtar på rekke og rad, frå norske artistar, ja til å med låtar frå «anstann»

17/12 spelar Svein Rune Damstuen, Thomas Bakke og Knut Erik Tessnes. De spiller coverlåter, og har et bredt repertoar. Musikk fra mellom 70-talet til nyere tider!

* * *

Aperitif/avec frå kr. 95,-

JULELUNSJ MED TRADISJONELT KOLDTBORD:

Ein bugnande julebuffet sundag 4.desember og 11.desember kl 13.00 -17.00. 

Kr. 425 pr. person. Barn under 12 år 1/2 pris. Barn under 4 år gratis.


OVERNATTING for lunsj- og julebordsgjestar:

Enkeltrom kr 985,- inkludert frukost

Dobbeltrom kr 1250,- inkludert frukost (2 personer/pr.natt )

Bestilling på tlf. 61 21 95 00 eller på epost: resepsjon@fossheimhotel.no