Grottetur i Jotunheimen-familiepakke 2019

Familiepakke 2 - 4. august med overnatting på hotellet inkludert mat og guida tur i Dumdalen.

Pakka inneheld:

Dag 1. Ankomst og 3-rettar Fossheim meny, kjøkenet har eiga barnemeny om ynskjeleg.

Dag 2. Frukostbuffet inkludert smøring av nistepakke og varm drikke på medbragt termos.

Dykk køyrer i eigen bil til møteplass. Her vil vår gode samarbeidspartnar innan aktivitetar, Fyrst og Fremst, ta dykk med på ei reise 

attende i tid, gjennom Dumdalen og kalksteinsgrottene. Er været bra blir det bållunsj og moglegheit til å bade.

3-rettar Fossheim meny på kvelden.

Dag 3. Frukostbuffet og avreise. Sjå nedanfor kva for andre aktivitetar dykk kan gjera før avreise :)

Pris pr vaksen i dobbeltrom inkludert billett grottetur: Totalt: 3640,-

Pris pr barn 3-12 år i dobbeltrom med vaksen inkludert billett grottetur: Totalt: 1720,-

Pris pr barn 12-15 år i dobbeltrom inkludert billett grottetur: Totalt: 3440,-

Barn 0-3 år gratis.

Informasjon om Dumdalsgrottene:

Oppmøte utanfor resepsjon på Fossheim hotell før køyring til Dumdalen der turen startar. Køyreturen tek om lag 35 minutt. Frå parkeringa brukar vi kring ein halv time inn til den fyrste grotta. Undervegs vert det nokre stopp for å fortelja om området, kva kalksteinsgrotter er, korleis dei har vorte danna og meir om korleis landskapet og områda rundt har vorte til gjennom dei siste ti tusen åra. Framme ved fyrste grotte gjer vi oss klare med utstyret som trengs før vi går inn. Grottinga byrjar med korte avstandar, store rom og ljos gjennom opningar i fjellet. Etterkvart som ein vert meir komfortabel og trygg kan lengda aukast, ein kan redusere romkjensla og etterkvart ha berre hovudlykta som einaste ljoskjelde. Ein kan altså oppleva mykje utan at det må verte trangt og skummelt i Dumdalen, og skulle det ikkje freiste å inn i grottene i det heile teke er det framleis mogleg å få ein fin tur i overflata. Dette med Dumdalen sitt rike planteliv som ei fylgje av den kalkrike berggrunnen i området.  

Kven passar grottetur for?

Dette er ein tur som kan by på underlege bergformasjonar, stillheit og kraftig elvebrus om kvarandre. 

Turen kan enkelt tilpassast gruppa, og passar alle ulike aldrar med ei total distanse på kring 3-4 km. 

Hugs klede som tålar å verte både blaute og møkkete. Guide frå Fyrst og Fremst stiller med hjelm og hugulykt.

Tidsbruk

Kring 4 timar.

Kanskje inspirerar turen dykk til å finne ut meir om fjell, stein og floraen i Jotunheimen. Da kan dykk sette av litt tid til å besøke Fossheim Steinsenter og Nosk Fjellsenter i sentrum av Lom. Begge stader har museum og butikk, veldig godt tilrettelagt for barnefamiliar!

Trykk her for bestilling

For fleir familiar på same bestilling, spør oss om tilbod.

Bestill på tlf. 61 21 95 00 eller på epost: resepsjon@fossheimhotel.no