Du skal føle deg trygg!

Velkomen til oss!

Du skal føle deg  trygg på Fossheim, og vi tek sjølvsagt Covid-19 viruset på største alvor.

Vi held ope og vi har teke grep i høve til våre tilsette og gjestar; blant anna:

*Det er god plass i spisesalen og vi dekkjer opp med minst 1 meter mellom alle gjestar og sprer folk i lokalet. Dersom dykk er i ein kohort er det nå mogleg at dykk kan sitje tettare

*Vi har kun bordservering i både bar og spisesal. Vi legg og til rette for avstand i baren, og vil vennleg minne alle gjestar på å halde avstand, og kan også be gjestar om å flytte seg dersom vi ser det blir vanskeleg å halde på avstanden.

*Vi har desinfeksjonsvæske plassert rundt i alle fellesareal til bruk for alle

*I tillegg til vanleg reinhald desinfiserer vi bl.a. kontaktflater som bord, stoler, dørhandtak og på toalett mm.

*Alle tilsette har fått god innføring om viruset og vi tek ekstra førehandsreglar på kjøkenet, i restauranten, ved romstell og ved leveransar.

Vi fylgjer nøye med på alle oppdateringar ,og forheld oss til nasjonale og kommunale retningsliner. Minner om at vi ber alle gjestar om å fylgje dei råd og anbefalingar som gjeld for di heimstadskommune, t.d. bruke munnbind i alle fellesareal, dersom det er det du gjer der du kjem frå.

Håpar å sjå deg som gjest hjå oss!

-Du skal bli møtt med eit smil  

NB er du sjuk eller har symptom skal du halde deg heime!

Sist oppdatert 06.07.21