Jobb med oss!

Servitør

Har du lyst til å bruke sommaren i Lom? Jotunheimen ligg klar rett utanfor dørhella når du har fri :)

Vi søkjer servitørar snarast for sommarsesongen! Sommaren 2020 vart heldigvis svært travel, og vi håpar denne sommaren blir likedan!

Du er glad i mennesker, elskar å yte god service og sjå til at gjestane har det bra! Arbeidet foregår for det meste på ettermiddag og kveld, men også nokre frukostvakter. Det består i hovudsak i å kommunisere med gjesten, servere dei mat og drikke som du fortel om og sjå til at dei får eit triveleg måltid og ikkje manglar noko. Vi har eit hektisk, men livlig arbeidsmiljø der vi spelar kvarandre gode. Du vil sjølvsagt få opplæring! Du bør prate bra norsk eller eit anna nordisk språk, helst vera over 18 år, men du kan søkje om du er yngre og.

Send søknad snarast!

Hotellmedarbeider

Vi er på jakt etter deg som brenn etter å gje gjestar gode opplevingar!

Du er allsidig, fleksibel i høve til arbeidstid, og forstår kva det inneber å vera eit godt vertskap.Du pratar og skriv godt norsk og engelsk, og du likar å arbeide på lag med andre.

Arbeidet vil foregå innan resepsjonsarbeid, servering i spisesalen og enkel bar-betjening. Viktigast er at du ser gjesten og syrger for deira trivsel :) Du er ryddig, har oversikt i hektiske situasjonar, kommuniserar godt med kollegaer og har eit smil på lur.

Stillinga er eit vikariat, og vi ser helst at du er over 20 år.

Dersom du tenkjer at dette er deg, vil vi gjerne høyre frå deg snarast!

Tilkallingsvikar bartender og nattevakt

Vi er ute etter ein som kan avlaste vår nattevakt og arbeide litt i baren når det trengs.

Du er ansvarleg, pratar godt norsk og engelsk, er service-retta og likar å ha litt å gjere. Over 20 år.

Arbeidet består av enkel bar-servering, halde oversikt, ro og orden på hotellet på nattestid. Enkelt resepsjonsarbeide, litt reinhald og rydding.

Om du kunne tenkje deg litt ekstra arbeid i sommar, send oss ein søknad


Spørsmål og søknad kan sendast til heidrun@fossheimhotel.no