Vi ser etter deg som er glad i folk, likar å få gjestar til å trivast og ynskjer å yte god service.
Du er ansvarleg, pratar godt norsk og engelsk, er service-retta og likar å ha litt å gjere. Arbeidet består i å kommunisere med gjestar, servering av mat og drikke og sjå til at gjestane har eit trivleg måltid. Vi har eit livleg arbeidsmiljø der vi spelar kvarandre gode og arbeider som eit team. Du vil få opplæring og oppfylgjing. Det meste av arbeidet er på kveldstid, men det kan og bli ein del frukost og lunsj-vakter
Du bør prate norsk eller eit anna nordisk språk og helst vera over 18 år. Men søk gjerne om du er yngre og!
Oppstart i juni
Du er den fyrste gjesten møter og likar å prate med folk! Løysingsorientert og serviceinnstilt. Arbeidet består av å ta imot bestillingar over telefon og epost, innsjekk og utsjekk av gjestar. Du bistår gjestane med informasjon om Lom, turmoglegheiter og alt dei måtte lure på.
Du bør beherske norsk eller svensk, og engelsk. Kommunikasjon foregår både skriftleg og munnleg.
Oppstart i juni
Ein av dei viktigaste jobbane på eit hotell! Du set di ære i at romma er reine og innbydande, og arbeider raskt og effektivt. Kommuniserer godt med andre folk, og har eit smil til gjestane du møter på arbeid. Arbeidet består i reinhald av rom, re senger, reinhald av fellesareal og møterom, og litt vask av klede.
Oppstart i juni