NB! Begrensa kapasitet!

Grunna mangel på personal hjå oss og i bransjen har vi diverre sedd oss nøydd til å begrense antal gjestar vi kan ta imot i restauranten.

Dette betyr at det er ikkje sikkert du får plass til middag sjølv om du bur hjå oss, eller kanskje ikkje til det tidspunktet du helst ville hatt. Vi vil framleis prioritere gjestar som bur hjå oss, framfor folk utanfrå.

Vi beklagar dette på det sterkaste, men vi vil gjerne at du som gjest skal få ei fin oppleving i spisesalen utan å kompromisse på kvaliteten og servicen. Vi må også ta vare på det personalet vi er så heldige å ha.

Håpar på forståing for dette og at dykk som ikkje får plass tek turen attende når det er litt rolegare tider. -Og du! Dersom du kjenner ein arbeidsledig kokk, send han gjerne til oss :)

Du kan booke bord på epost resepsjon@fossheimhotel.no. Du kan også ringe 61219500, men det er svært stor pågang på telefon, spesielt mellom 8 og 11.