Korona-viruset

Vi må diverre halde stengt på ubestemt tid

Hotellet er stengt for tida, men om du treng overnatting har vi to leiligheter med sjølvhushald tilgjengeleg. Ring oss på 61219500 dersom du vil leige!

Vi har innsett at det er vanskeleg å halde ope, når gjestar uteblir både på overnatting og i spisesalen.

Forhåpentlegvis kan vi opne for sommersesongen, men vi må nå prøve å gjere det vi kan for å kunne ha arbeidsplassar og eit fortsatt historisk hotell når vi kjem ut på den andre sida.

I mellomtida vil vi oppfordre alle til å tenkje på kva dei kan gjera for å støtte alle rundt seg. Tenk som om du har viruset og hald deg heime om du kan. Støtt opp om lokale bedrifter og handle på nett frå norske selskap dersom det er mogleg. Kjøp lokalt øl og lokal mat.

Vi håpar den norske dugnadsånden fortset når alt er over. At vi legg feriane til Noreg,bestiller direkte til hotell og restaurantar, fortset å støtte opp om lokale og norske bedrifter, går på konsertar og teater og tenkjer oss om om kva vi kan bidra med til at vi alle skal klare oss.

Mykje varme tankar til dykk alle saman!