Vi søkjer kjøkkensjef

Vi søkjer etter ein dyktig kjøkkensjef med interesse for bruk av lokale råvarar. Maten står i høgsetet på Fossheim og du vil vera ein viktig del av den vidare utviklinga av matkonseptet på hotellet.

Vi har ein spisesal med plass til opp mot 150 gjestar. Kjøkkenet står for både frukost, lunsj og menyservering. Stillinga omfattar ansvar for kjøkkenet.

Lom kan skilte med eit spennande fagmiljø, og i tillegg er det mange gode lokalmatprodusentar og leverandørar i nærmiljøet.

Lom har eit aktivt og inkluderande lokalmiljø med gode oppvekstvillkår. Flott natur og gode moglegheiter for eit allsidig friluftsliv.

Arbeidsoppgåver:

* Dagleg, forsvarleg drift av kjøkenet

* Innkjøp, lagerkontroll og kvalitetssikring av produksjon

* Utvikling og implementering av menyar

* Kalkulering

* IK mat ansvarleg

* Opplæring og oppfylgjing av lærlingar når det er aktuelt

Kvalifikasjonar:

* Fagbrev

* Kvalitetsbevisst og ansvarsfull

* Gode samarbeidsevner

* Ledererfaring

Som kjøkensjef hjå oss må du ha god forståing av økonomi. Du må vera kreativ men samstundes ryddig og strukturert.

Vi tilbyr ein utfordrande, spennande og variert arbeidsdag, eit triveleg og aktivt miljø, gode utviklingsmoglegheiter og konkurransedugande betingingar

Spørsmål kan rettast til heidrun@fossheimhotel.no

Søknadsfrist : Snarast