Romantisk opphald i Lom 2024

I nasjonalromantikkens vogge Lom, ligg
alt til rette for ei unik oppleving med din kjære.

Nyt helga med kvarandre. Hand i hand kan de nyte ferske bakevarer frå Bakeriet i Lom, vitja den over 800 år gamle stavkjyrkja, ein tur innom
Norsk Fjellsenter eller rusle rundt i Presthaugen, eit utandørs bygdemuseum.  

Fossheim og Lom ligg ideelt til for
turar i Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen, og her finn du turar for alle nivå. Anten du vil ta ein rusletur langs kulturstiane i sentrum eller
bestige ein ny topp kvar dag kan vi hjelpe deg på veg til å nå måla dine.
Etter endt tur vartar vi deg opp
framfor peisen med noko godt i glaset før spisesalen fristar med nydelege duftar
som pirrar appetitten.

Romantisk opphald på Fossheim:

* Overnatting 2 netter

* frukost 2 dagar

* 1 glas musserande eller alkoholfritt per person ankomstdagen

* 4-rettars Fossheim meny dag 1

* Vår eigen aperitiff; Tytingkir dag 2

* 6-rettars Fossheim meny dag 2

* Matpakke kan kjøpast til

* Hunderom kan kjøpast til ( må bestillast på førehand. Begrensa antal rom tilgjengeleg for hund)


Kr. 3600,- pr pers i dobbeltrom 

Bestill opphold her eller kontakt resepsjonen på ;
resepsjon@fossheimhotel.no eller 61 21 95 00