Bakgrunn
Booking Nyhetsbrev Facebook

Logo invers

Fossheim hotell
Lom 2688, Norway.
Tlf: 61 21 95 00

Booking
Kontakt oss English

        

Romma våre.

Hovudbygget ligg i tilknytning til matsal og resepsjon og har 5 superior rom, 21 dobbeltrom og 3 enkeltrom. Romma ligg i rolege omgjevnader med utsikt utover dalen og tunet. Fleire av romma har terrasse der ein kan nyte den friske lufta og naturen. Romma stod ferdig restaurert i mai 2008. Alle rom har tv og trådlaus internett tilgang. Romma våre har senger med Dux madrassar.

Img 0333Img 0327Img 0328

Annekset vårt, "Amerika", er eit bygg som vart bygd på 1950-talet for å tekkje amerikanske gjestar. I dag har vi 8 dobbeltrom og 8 enkeltrom i bygget, alle med eigne bad og wc. Alle rom har tv, trådlaus internett tilgang og senger med Dux madrassar. Romma har nydeleg utsikt ut mot elva og Skjåk med Tronodberget i forgrunn eller inn mot tunet og Gaukstadstugu. Alle romma vart pussa opp i 2012.

Dobbeltrom amerika Dobbeltrom sittegruppeEnkeltrom Amerika b2h1

Hytte. 

På tunet ligg óg ei tømmrahytte som vi leiger ut med frukost, sengetøy og handkle. Hytta har to rom med sengeplassar til 2-3 personar. Den er utstyrt med ein liten kjøkenkrok og bad med dusj og wc. Hytta har tv. Vask av hytta er inkludert i leiga.

Heile hotellet og alle romma er røykfrie. Har du allergi eller handikap spør etter eit tilpassa rom ved bestilling.