Bakgrunn
Booking Nyhetsbrev Facebook

Logo invers

Fossheim hotell
Lom 2688, Norway.
Tlf: 61 21 95 00

Booking
Kontakt oss English

        

Lom nasjonalparklandsby

Fossberg er det opprinnelege, lokale namnet på Lom sentrum. Namnet kjem av at det stakk fram nakne berg fleire stader der bygdasenteret etter kvart voks fram. (Foss)Bergom er dativ fleirtalsform. Frå Fossheim kan du vandre mellom dei forskjellige atraksjonane, stikke innom butikkane og bakeriet til Morten Schakenda eller prøve det tradisjonsrike kafemiljøet i Lom sentrum.

Den 27. februar 2008 vart Lom Kommune utpeikt som ei av 23 nasjonalparkkommunar, og Fossbergom fekk status som nasjonalparklandsby. Det er i dag 5 nasjonalparklandsbyar i Noreg.

Dette er eit prosjekt som er meint å styrke verdiskapinga i kommuner og lokalsamfunn med utgangspunkt i nasjonalparken sin verdi som kvalitetsstempel på villmarksnatur.

Ein landsby skal framstå som kulturberar med bevisstheit rundt eigne tradisjonar, og skal kunne tilby produkt og opplevingar med lokalt tilsnitt. Det er mellom anna lagt vekt på at ein nasjonalparklandsby skal vise ei bevisst haldning til nærleiken til nasjonalparken og profilering av denne.

 

Litt av kva du kan sjå i Lom. 

LOM STAVKYRKJE

Lomskyrkja er ei av dei største og vakraste stavkyrkjene i landet. Ho skriv seg frå 1170 og er framleis i bruk som hovudkyrkje i Lom. Korbogen og preikestolen er forma av den kjende treskjeraren Jacob Sæterdalen.

 

LOAR

Dette er den gamle Prestegarden i Lom. Gjennom dei siste 50 åra har dette vore skuleanlegget i Lom. Steinfjoset er den einaste originale bygningen som står att etter at området var prestegard i Lom. Steinfjoset er eineståande i sitt slag i Noreg.

 

NORSK FJELLMUSEUM

Fjellmuseet har som hovudmål å synleggjera kva fjellet har betydd og fortsatt betyr for menneska. Museet er autorisert informasjons-senter for Jotunheimen nasjonalpark.

 

STORSTABBURET

Storstabburet frå 1500-talet er det største i landet. Det var kornmagasin og lagerplass for tiende, og ligg på sin opphavlege plass. Storstabburet er nå ein del av Lom Bygdamuseum og vert brukt til utstillingar.

 

LOM BYGDAMUSEUM/PRESTHAUGEN

Museet ligg i Presthaugen, som er stemneplass i Lom. Museet er bygd opp slik vi ville ha funne ein gard i Lom for omlag 150 år sidan, og gjev eit godt bilete av byggjeskikken og verksemda i det gamle sjølvhus-haldet. Museet har og husmanns-plass og seter, båe viktige delar av gardsmiljøet i Lom på 1800-talet. Restaurert vassveg i museums-området.

 

LOM SENTRUM OG VASSVAGLEN

Lom sentrum har vore kåra til det finaste innlands sentrumet i landet. Fossbergom er eit lite og intimt sentrum med eit yrande folkeliv om sommaren. Det har heile tida vore ei bevist haldning til byggestil og fargebruk noko som har skapt ei heil spesiell atmosfære. Vassvaglen vart reist av Lom kommune i 1985. Eit gamalt ordtak i Lom seier "Gjev Vårherre oss sol, skal oss skaffe væte sjølve". Vassvaglen skal minne om korleis vatnet vart ført i trolag (vassrenner) frå vassvegane til åker og mark på kvart gardsbruk i bygda.

 

FOSSHEIM STEINSENTER

Geologisk museum med den største utstillinga av norske mineral- og smykkestein i landet. Butikk/verkstad og møteplass for steininteresserte frå mange land. Thulitt - Noregs nasjonalstein - vert utvunne i Lom. 

 

BØVRA, PRESTFOSSEN OG UTLEGGSBRUA

Bøvra er ei typisk breelv med svært stor massetransport og store variasjonar i vassføringa. Bre-erosjonen og avsmeltinga i fjellet set preg på elva. Utleggsbrua vart bygd i 1990/91. Den knyter saman turveg-nettet i og rundt sentrum og fram-hevar det ville og vakre landskapet der Bøvra stupar seg utfor Prestfossen. Utleggsbrukonstruksjonen er svært gamal, og vi må truleg attende til førre hundreåret for å finne denne konstruksjonen i aktiv bruk. Opphavleg har det vore ei utleggs-bru om lag på same plassen, og den nye brua trekkjer linene attende til tidlegare tider på ein fin måte.