Bakgrunn
Booking Nyhetsbrev Facebook

Logo invers

Fossheim hotell
Lom 2688, Norway.
Tlf: 61 21 95 00

Booking
Kontakt oss English

        

Fotturar

Lom er eit eldorado når det kjem til turmoglegheiter, og med Fossheim midt i sentrum er vi eit sjølvsagt utgangspunkt. Frå oss kan du både gå småturar i nærmiljøet, eller du kan prøve deg på dei større toppane i Jotunheimen. Du kan til og med gå på Høgste Lomseggen, 2068 moh., frå Fossheim, og vera attende til ein god middag på kvelden. 

Rundt sentrum i Lom er det fleire oppmerka natur- og kulturstigar. Du kan gå både bratt og flatt, og lengda på rundane varierar.

I Jotunheimen er det berre fantasien og formen som set grenser. Moglegheitene er enorme, og vi hjelp deg gjerne med å finne frem til ein fin tur om du ynskjer det. Populære turmål blant gjestane våre er m.a. Galdhøpiggen , Glittertind, Store Smørstabretind og Kyrkja, alle flotte turmål.

 

Ski

Lom og Jotunheimen kan tilby gode høve for ski aktivitetar sommar og vinter. Sognefjellet ligg flott til for sommarskiløping, med både oppkøyrde løyper og dit du sjølv ynskjer å gå.

Sognefjellet Sommerskisenter ved Sognefjellshytta kan tilby preparerte løyper frå slutten av mai og utover sommaren avhengig av snømengde. Galdhøpiggen Sommerskisenter (1850- 2200 moh.) tilbyr landets beste "sommarski snø" frå fyrst i juni til slutten av oktober. Mange brukar Fossheim som base for sine sommarskiopphald i Lom.

 

Nasjonalparklandsbyvandring

Bergomsrunda er ein triveleg rundtur til fots i nasjonalparklandsbyen, Lom sentrum. Runda bind saman sentrum og attraksjonane på ein god måte og du får med deg alt som er verdt å sjå. Runda er ca 2,5 km lang. Sentrum, lokalt kalla Fossbergje, er kjent langt utom landegrensene for særmerkt byggeskikk. Utleggsbrua, som er bygd slik som dei fyrste bruene i landet, bind saman sentrum og Kyrkjevollen. På brua kjem du tett innpå elva, vatnet på veg frå bre til hav, jfr. Vassvaglen ved rundkjøringa. Fossheim Steinsenter har unike samlinger av mineraler frå heile verda. Den majestetiske Lomskyrkja fortel ei 850 år lang historie om livet i bygdene her. På andre siden av vegen ligg Norsk Fjellmuseum Jotunheimen Nasjonalparksenter som med ustillinger og informasjon fyller ut bildet av natur og livsvilkår i fjellet enda lenger attende. På runda kjem du og til Presthaugen. Midt i det fredfulle parkområdet finner du Lom Bygdemuseum som og gjev spennande gløtt inn i gamle tider.