Bakgrunn
Booking Nyhetsbrev Facebook

Logo invers

Fossheim hotell
Lom 2688, Norway.
Tlf: 61 21 95 00

Booking
Kontakt oss English

        

Vi er stolte av kjøkenet vårt

Kokkane og kokkelærlingane på Fossheim-kjøkenet er ein framifrå gjeng.

Fossheim har til ei kvar tid frå to til fire lærlingar på kjøkenet. Fossheim har opp gjennom åra lært opp ei mengd gode kokkar, både norske og nordiske kokkelærlinge-meistrar. 

 

Matfilosofien vår

Heilt sidan 1978 når hotellvert Svein Garmo tok over drifta av hotellet har fokuset vore mat og bruk av lokale råvarer. Saman med Arne Brimi som byrja på Fossheimkjøkenet same året bygde dei opp det som i dag er eit av Norges beste hotellkjøken. Vi har heile denne tida behalde filosofien om å bruke det vi finn i nærområdet rundt oss, og med den beliggenheita vi har er det mykje godt å hauste av.

Lokale gardar, fjell og fiskevatn er ein ressurs vi nyt godt av gjennom heile året, og sesongvariasjonane er noko du vil finne att i menyane våre.

 

Råvarer

Vi er opptekne av å bruke lokale råvarer og følgje årstidene i matlaginga på kjøkenet.

Vi er stolte av å kunne nytte mange lokale leverandørar med spennande råvarer;

  • Nordgard Aukrust forsyner oss med gode urter og salater.
  • Bakeriet i Lom har Norges beste brød.
  • Sognefjorden Naturkjøken kjem med levande sjøkreps over Sognefjellet.
  • Avdem gardsysteri og Tingvoll har mange spennande ostar du får smake hjå oss.
  • Vetle-Kroken i Sogn har dei beste bringebæra du kan tenkje deg.
  • Per Otto Kaurstad er jordbærkongen i Gudbrandsdalen.
  • Halvdan Sole og Helge Byrkveen er våre faste  leverandørar av fjellaure frå Tesse.