Bakgrunn
Booking Nyhetsbrev Facebook

Logo invers

Fossheim hotell
Lom 2688, Norway.
Tlf: 61 21 95 00

Booking
Kontakt oss English

        

Små møte rundt eit bord:

Biblioteket høver godt for møte eller middagar for inntil åtte personar. Frå andre etasje har du utsikt utover Lom sentrum og fjella omkring.

Peisestugu ligg óg i andre etasje og har ei gamal og nostalgisk atmosfære. Ofte samlast ein her på kvelden før eller etter middag for å oppsummere dagens tema over ein aperitiff eller kaffe.

Dr. Garmo`s Institutt. I kjellaren finn du Dr. Garmo`s Institutt som er vårt nyaste tilskot. Baren er utradisjonell og i ny stil med innslag frå Steinsenteret og gamle tider. Her samlar vi óg berdifter til møter og kurs.

”Chambre separee” finner du i Dr. Garmos Institutt. Rundt langbordet kan du samle inn til 12 personar til fruktbare samtaler.

Rommet ligg i  kjellaren og vart restaurert i 2004.

 

Kurs og seminar:

Kurssenteret vårt har plass til 60 personar. Her kan ein møtast til mat- eller vinkurs i vår regi som eit triveleg innslag i konferansa. I tilegg er senteret tilrettelagt for kurs og seminar.

Vi tilbyr prosjektor, overhead og flipp over. I alle våre kurslokalar er det tilgang til trådlaust internett om du har eige nettverkskort. Dette tilbys i alle våre møterom!

 

Aktivitetar. Vi legg gjerne tilrette for aktivitetar i naturen som vil bli hugsa med glede. Kva med kaffepause i det historiske utendørsmuseet Presthaugen? Omkring svartsvidde tømmerveggar kokar kaffekjelen på bålet og pausematen er henta frå lokale gardar, friske fiskevatn, fjell og vidde.

Lom og fjellheimen byr på fyrsteklasses råvarer og naturopplevingar som gjev døkk eit eksotisk opphald som gjester hjå oss.