Home Activities for everybody
Turar i nærområdet Print E-mail
There are no translations available.

Natur- og kulturstigen opp til Soleggen
er om lag 7 km og har ein høgdeforskjell på ca 675 meter (400-1075 meter.) Stigen er godt merka og har ingen vanskelege hinder. Det er 20 postar langs stigen. På nokre av desse postane er det sett opp skilt med informasjon. For dei andre postane finn du informasjon i heftet Natur- og kulturstig til Soleggen som er å få kjøpt på Turistinformasjonen i Lom og på Fossheim Steinsenter.

Stigen oppover fjellsida var mykje brukt mellom bygd og sæter med buskap i tidlegare tider og det er mange spor etter denne trafikken den dag i dag. Det er mellom anna lagt ned mykje arbeid med oppmuring langs ruta. Stigen er i den nedre delen prega av en veldig vegetasjon som gjer at du nesten går i ein tunell av trær. På Skålberget var det i 1984 funne ei mannsgrav frå ca 900 år e.kr. der det vart utgrave mange gjenstandar som nå er stilt ut i Lom og Skjåk sparebank sine lokaler. Du vil også sjå mange spor etter vassvegane mellom Sohell og ned i bygda. Frå Ausfjellet og ned til Øvergrende er Nordstrandvassvegen fortsatt intakt. Sjå deg gjerne godt omkring. Det er frodig vegetasjon med mange forskjellige planteartar langs ruta. Eit godt råd - bruk augo og hald deg etter stigen. Det kan fort bli ulendt og vanskeleg å ta seg fram dersom stigen blir borte for deg. Du kan gå frå Fossheim og oppover gjennom hamnetrædet og in på stigen.


Du kan gå stigen opp i joggesko. Det kan vere blautt i stigen - særleg tidleg på sommaren og gummisko eller fjellsko er derfor det beste. Det er godt å ha litt ekstra klær når du kjem ut av skogen og opp på toppen. Ta gjerne med barn på turen. For dei heilt unge kan det vere eit tips å kjøre rundt til Stymme på Meadalen og så gå nedover att til Lom sentrum og Fossheim. Turen oppover frå Lom sentrum til toppen kan du gå på om lag 45 min. Med vanleg jamn “familiegange” tek turen om lag 2 timar. Hald hunden i bånd. Sauen beitar ofte langs stigen.

 

Lomseggen

Mest vanleg utgangspunkt er bustadfeltet i Prestgardsskogen. Gå langs hovudvegen i bustadfeltet heilt opp til toppen. Gå inn på skogsveg, følg denne til du finn skilt til Lomseggen. Følg stig heilt opp til fremste toppen. Her er det vardar over fremste eggen og ned til stigen på sørsida. Skilt ned til Smithbue og deretter vidare nedover til skogsveg. Du kan da gå direkte ned på riksvegen eller gå attende til bustadfeltet. Mange vel også å gå motsatt veg - opp til Smithbue, over eggen og så nedover til bustadfeltet. Turen opp til fremste toppen (1289) tek vel ein time med javn gange.

Det kan vere litt vanskeleg å finne inn på stigen frå bustadfeltet. Ver ikkje redd for å spørje kjentfolk. På norssida opp fra bustadfeltet ligg det snøfonner i stigen langt utover sommaren. Desse kan du gli på. Sjå deg godt for når du kjem inn på fremste toppen slik at du er sikker på at du har funne rette stigen ned att. Det er mange bratte og ulendte områder rundt stigen som er vankelege å ta seg fra i. Nedover frå Smithbue på sørsida er stigen til dels bratt nedover skogen. Det er derfor lett å skli og løyse ut lausmasse som rasa nedover.

Frå fremste toppen av Lomseggen (1289 m) kan du også gå vidare innover fjellet - fyrst til Eggjaspiken (1524 m) og høgste Lomseggen - Storrivilen (2068 m). Du kan da gå vidare nordover til og ned i Skjåk ved Ånstad eller i Lundadalen. Du kan også gå vestover sør-vestover til Netosetra i Bøverdalen eller ned i Bøverdalen ved Flå eller Sulheim. Desse rutene er ikkje oppmerka og er avanserte og lange fotturar.

Du kan gå opp til 1268 utan særleg mykje utstyr. Dersom det ikkje er blautt, kan du gå i vanlege joggesko. Det beste er likevel enkle fjellsko. Ta med litt ekstra klær til du kjem opp. Det er ofte ein sur trekk inne på fjellet. Ta med drikke. Bekkefar langs ruta blir tørre tidleg på sommaren. Ta gjerne med barna på turen, Ei fin runde også for hunden, men det kan vere sau og kyr langs stigen.

 

Bordvassvegen

"Gje vår Herre sol, ska oss sjølve skaffe væte" heiter det i Ottadalsbygdene. Det er så lite nedbør i Lom at det i tidlege tider vart utvikla eit eineståande vatningssystem. Det vart grave vassvegar (kanalar) frå fjellet, brekantar eller frå kunstige dammar der smeltevatn vart lagra, og heilt ned til dalbotn.

Bordvassvegen startar i nørdre Bord og går til Andvord. Turen er lagt opp som ein rundtur som er lett å gå for alle, og svært egna for barnefamiliar. Ein kan starte ved Norsk Fjellmuseum og turistinformasjonen og gå langs med Presthaugen mot Storstabburet. Ein fylgjer vegen til den går saman med fylkesveg 467 Solsidevegen opp mot venstre ca 400 meter til Andvord Gard. Frå der går stigen til høgre med litt stigning gjennom litt træede/skog ca 200 meter til ein når vassvegen. Frå enden av vassvegen kan ein gå langs skogsbilvegane attende mot sentrum eller gå same veg attende.

For meir informasjon om Bordvassvegen, vassvegar i Lom og kart for turen; klikk her 




 

 

Booking

Book your stay here!

Or:

Email: resepsjon@fossheimhotel.no
phone.: +47 61 21 95 00

Links

historiske_logo_ny2

komtillom2

brimiland_liten
Fossheim Turisthotell, 2688 Lom | Tlf. 61 21 95 00 | resepsjon@fossheimhotel.no | Admin | Web: Frontalpic
Norsk bokmål (Norway)English (United Kingdom)



otel ankara ankara kızılay otelleri ankara otelleri ankara çankaya otelleri