Home Art, Culture and history
|
Kunst, Kultur og historie |
|
|
|
There are no translations available.
Gjennom generasjonar har vi i Lom vore opptekne av å ta vare på miljøet rundt oss, og vi kan i dag tilby deg som gjest mange kulturminne. Gamle tradisjonar innafor byggje-skikk, mat og folkemusikk er levande og det er eit rikt kulturliv i bygda. Området har fostra og inspirert mange diktarar. Knut Hamsun, Tor Jonsson og Olav Aukrust har alle sett preg på den lokale og nasjonale litteraturen.
Kor lenge det har budd eller ferdast folk i fjellbygda vår er det ingen som veit. Dei fyrste var fangstfolk som fylgde reinen nordover da isen trekte seg attende. Restar av steinalderbuplassar, dyregraver, jaktbuer og gamle ferdselsvegar over fjellet fortel litt om kva folk i bygda har hatt å streve med opp gjennom hundreåra.
Sjå ellers visitlom.com
Foto: Esten Borgos
|
|
|