Hjem Aktivitetar og naturopplevingar
Aktivitetar og naturopplevingar Skriv ut E-post

piggenRo og mak - fart og spenning

Du reiser på ferie for å oppfylle draumar og oppleve noko nytt og annleis. Finn ein stad, sett deg ned og la augo kvile på den flotte naturen. Det er godt å veta at fjella står der neste gong du kjem att óg. Ro og fred finn du både til fjells og i bygda. Du bestemmer sjølv kor fort tida skal gå og kva ho skal fyllast med. Lom og Jotunheimen er eit unikt område med urørt natur, frisk luft, spennande og utfordrande fjellområde, vandring, god og tradisjonsrik mat og levande bygder med aktivt landbruk og reiseliv. Her finn du ekte opplevingar og plass for alle heile året; vår, sommar, haust og vinter. Kvar årstid har noko eige å tilby! Vi vil gjere vårt beste for at du skal kjenne deg velkomen og heime her i lag med oss.

 

Aktivitetar for alle

Aktivitetar gjev gode opplevingar, lærdom og energi. Her er noko for alle; store og små, familie, venner, kollegaer eller berre for deg, dersom du ynskjer ei stund heilt for deg sjølv. Jotunheimen nasjonalpark er ein av Noregs fyrste og mest særeigne nasjonalparkar. Galdhøpiggen, Noregs høgste fjell, 2.469 moh er eit stort mål for mange gjestar. Eit stort nett av vandreruter gjev deg gode høve til å oppleve naturen. Området har unike moglegheiter for langrenn og alpint sommarstid. Det kan vera små inntrykk ein får av kulturen og menneska som bur her, eller dei små hendingane som gjev dei gode minna etterpå. Hjå oss kan du oppleva gleda det er å måle krefter med naturen og kjensla av å ha meistra ei utfordring. Valet er ditt!

Fossheim samarbeider med Naturopplevingar  som gjennomfører arrangement og aktivitetar for næringsliv og organisasjonar, samt private grupper og individuelle. 

 

Turar i nærområdetstigarsoleggen

Lom sentrum og Fossheim er eit godt utgangspunkt for fleire natur- og kulturstigar i nærområdet. Stigane har ulik vanskegrad og ulik lengde. Spesielt kan ein nemne stigen til Soleggen. Her finn ein 20 postar som m.a.fortel om kva området vart nytta til i gamle dagar, gamal sæterdrift, flora og fauna. Dei andre stigane går opp på den majestetiske Lomseggen, eller på andre sida av Skim langs vatnet mot Skjåk eller til toppen av Tronoberget. Alle desse turane høver godt til trimturar på eftasida eller som dagsturar for heile familien. Meir informasjon om turane får du i resepsjonen eller på turistinformasjonen.

Klikk her for turalternativ frå Fossheim

 

 

 

naturoppstor

For bestilling - send mail til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen  eller ring oss på 61219500

 

 

 

Booking

Bestill opphold her!

Eller:

Epost: resepsjon@fossheimhotel.no
tlf.: 61 21 95 00

Lenker

historiske_logo_ny2

komtillom2

brimiland_liten
Fossheim Turisthotell, 2688 Lom | Tlf. 61 21 95 00 | resepsjon@fossheimhotel.no | Admin | Web: Frontalpic
Norsk bokmål (Norway)English (United Kingdom)