Hjem Matopplevingar Matvegen
Matvegen Skriv ut E-post

matvegen

Matvegen er De Historiske hotell og spisesteder sitt konsept for å setje maten enda meir i høgsetet. Målet er å vise turistane langs norske vegar at vi har meir å by på enn fastfood og ferdigmat. Dette skal vi oppnå via lokale råvarer, lokal forankring og tydeleg vertskap.

Fleire magasin har hatt oppslag om dette den siste tida. Sogn og Fjordane Fylkesmagasin hadde i august 07 ein presentasjon av ruta (Tekst Roy Sunde. Foto Tore Fossen). Utdrag:
Hotella og restaurantane som er med er handplukka etter følgjande kriterium:
- Meny basert på utvalde lokale råvarer, der nokre rettar fortel om geografisk tilhøyr, sesongvariasjonar speglast i menyen, menyen skal formidlast muntleg av ein kompetent, stolt og fagleg engasjert stab, vinlista skal alltid samsvare med menyen og sist, men ikkje minst, skal ein ha eit utval av norske akevittar som høver menyen.

"Neste måltid kjem i Lom. Klokka 09.15 rullar vi vidare mot neste mål. Når vi rullar over toppen på Sognefjellet, gode 1400 meter og vekslepengar over havet, slår to ting meg: vi kjem ikkje til å få noko fint ver i dag. Regnet ausar stadig hardare, skyene ligg som eit blylodd nedpå fjella. Nummer to er at mennesket si vilje er ukueleg. For kva anna møter vi enn ein stakkars syklist som har pint seg opp fjellet i ruskeveret. Det er sanneleg ein prestasjon verdig applaus. Regnet piskar både Jotunheim og vegen nedover fjellet att. Det lettar litt opp når vi nærmar oss Lom, utan at det nett er fint. Og syklistane sig med jamne mellomrom opp i tåkehavet. Det er mangt ein kan kalle ferie. Lunsjen skal vi ete på Fossheim Turisthotell, der Arne Brimi starta karrieren.

I dag er det Kristoffer Hovland som regjerer over grytene der. Hotellet kan ikkje skilte med ei karriere som strekk seg over tre hundreår slik som kollega Walaker, men med sine 110 år det ingen ungfole som nett har byrja sine famlande forsøk på å tilfredsstille gjestane sine. Opphaveleg ein skyssstasjon som opna i 1897, i dag eit moderne hotell med solide røter. Og om hotellet berre er 110 år  har dei sitt å by på av historie. Som «Gaukstad-stugu», eit av landets best bevarte tømmerhus frå 1600-talet. 11.10.

Vi trillar inn til Lom sentrum. Regnet er like hissig, men nedover dalen finst det nokre små hint om lettare ver. Vi får sjå. Tore ymtar frampaå at det er relativt kort frå Solvorn til Lom når det gjeld å bygge seg opp ein god appetitt, men er ein på jobb så er ein på jobb. Og for min del har eg vore eit halv år på slankekur, så for meg er to timar mellom måltida nett passe.

Tore nyttar likegodt høvet til å fylle diesel, og vinn såleis dyrebare minutt for si eiga sak. Ingen av oss var heilt visse på kor dette hotellet var, så vi måtte stogge og tenke oss litt om. I det vi kryssar vegen for å stikke innom Esso dukkar det opp. Femti meter frå der vi sto først. Sånn er livet på vegen, ein ser ikkje så godt rundt neste sving. Vel framme viser det seg at lunsjen først byrjar klokka tolv, så da er det berre å sette seg i sofaen med avisene og slappe av. Herleg med ein pust i bakken er det og. Og ein dryg halvtime går fort. Det skal seiast at Tore eigentleg syntes det hadde vore greitt å vente ein halvtime til. Men mat vart det.

Matsalen på Fossheim er laga med fjellet i hjarte og sinn. Dei syreluta furumøblane drog tankane til fjells og hytteliv. Med utsikt over fjellheimen, Lom sentrum og kyrkja var det lite som fjerna tankane frå fjelliv. Og det er nett som det skal vere ved inngangen til Norges tak. Når du fartar langs vegen er det greitt å få mat når ein stoggar. Ein lunsjbuffet er med andre ord perfekt. Og det er akkurat det som ventar oss på Fossheim hotell. Og ein rikhaldig ein. I frå venstre til høgre kunne vi forsyne oss med gravlaks, skatevinger og brosme, ein frisk salat og fire ulike typar dressing. Til og med den hata Thousand Islands, vel og merke feilstava til Thoasten Island. Kanskje det er ein heimelaga homagetil den berykta dressingen? Ikkje veit vi, for ingen av oss ville smake. I svingen sto nokre egg og kyllinglår og freista, og i varmedisken sto fire ulike varmrettar: først ein brosme- og laksesymfoni med asparges. Kanongodt, og spesielt aspargesen. Den smelta i munnen. Det same gjorde laksen, med brosma som ein god nummer tre. Så kyllingvinger med nudlar. Ikkje favoritten min, men det var godt. Berre ikkje fullt så godt som laksesymfonien. Pølsegryte var nummer tre. I følgje Fossen var den laga på skikkelege pølser, og smakte nydeleg. Pølsene var grove og faste, ikkje noe grillpølse der i garden. Sist, men langt fra? minst: Pytt i panne. Og no tenkjer du nar. Då har vi både faått oss ein «forrett», hovudrett og dessert. Og drikke i form av Farris, kaffi og Cola Light. Litt dyrare enn ein dobbel standardmeny på eit gatekjøkken. Men ikkje mykje. Og jaggu var det vel verdt det, når ein kan sitje i ein god time og smake på ulike varme og kalde rettar og fråtse i dessertar til slutt."

 

Booking

Bestill opphold her!

Eller:

Epost: resepsjon@fossheimhotel.no
tlf.: 61 21 95 00

Lenker

historiske_logo_ny2

komtillom2

brimiland_liten
Fossheim Turisthotell, 2688 Lom | Tlf. 61 21 95 00 | resepsjon@fossheimhotel.no | Admin | Web: Frontalpic
Norsk bokmål (Norway)English (United Kingdom)