|

Tenk deg ei helg full av lukt, smak, oppleving og inntrykk. Fylle opp med kunnskap om mat og matkultur om dagen, slappe av med god mat og drikke om kvelden. Ein tur i fjellet, på ski eller til fots i sjølvaste Jotunheimen. Samlast kring ein eldplass ute eller langs bordet på Vianvang. Slik kan det vera på matkurs på Fossheim.
Vi held kurs både vår, haust og vinter. Kjøkensjef Kristoffer Hovland og Ståle Johansen har lang erfaring som kurskokkar. Dei er stolte av faget sitt og formidlar kunnskapen på ein framifrå måte. Fossheim har også eit spennande utvalg av vinar. Hotellvert Svein Garmo er Fossheim sin eigen vinelskar og sjølvlært vinspesialist med stor omsorg for vinkjellaren sin. Svein held gjerne vinsmaking/vinkurs. Fossheim skreddarsyr gjerne kurs og aktivitetar for små og store grupper. Velkomen til matglade dagar på Fossheim!
Foto: Marius Rua

Årets matkurs på Fossheim 2010;
Sopp- og matkurs 27. - 29. august
Vilthelg med brødbaking 28.-31.oktober
Matkurs med Lian, Hovland og Johansen 11.-14.november
Kurs storkjøken
Vi ynskjer å få serveringsbedrifter både i offentleg og privat sektor til å friske opp det trauste, og ta i bruk lokale råvarer i enda større grad enn i dag. Eit måltid bør opplevast som eit av dagens høgdepunkt og samstundes gje tilstrekkeleg og riktig næring for gjestar og pasientar.
Kokkane på Fossheim besøkjer gjerne andre bedrifter som ynskjer å bli inspirert til vidare utvikling. Saman komponerer ein nye rettar som er tilpassa bedrifa si forutsetning og konsept. Desse nye rettane blir på ein måte signaturrettar, slik at ein til dømes ikkje kan finne retten hjå nabobedrifta. I fyrste omgang kan det vera ein, to eller tre rettar i tillegg til det vanlege menykartet.
Vi på Fossheim tar gjerne imot tilsette på kjøkenet til utplassering eller kurs hjå oss slik at dei kan få inspirasjon frå fleire av våre kokkar.
Ved å ta kontakt med oss får du meir informasjon. Ring tlf. 61219500 eller send ein e-post til
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
|