Hjem Matopplevingar Kjøkkenet på Fossheim
Kjøkkenet på Fossheim Skriv ut E-post

kokkar

Vi er stolte av kjøkenet vårt

Kokkane og kokkelærlingane på Fossheim-kjøkenet er ein framifrå gjeng. "Årets Kjøkkensjef 2004", Kristoffer Hovland er den som har leia kjøkenet sida 1995. "Hovland er kjent for sin dyktighet, entusiasme, grundighet, skaperevne og omsorg både for medarbeidere og lærlinger", heiter det i grunngjevinga til juryen for kåringa.

Kristoffer har arbeidd på Fossheim sidan han kom vandrande vestafrå for å bli lærling hjå Arne Brimi i 1989. - Lom er den beste staden i verda å drive eit kjøken. I Lom er eg og i Lom skal eg vera, fortel Kristoffer. Nestkomanderande på kjøkenet, Ståle Johansen, har vore kokk på Fossheim sidan 1993.

Fossheim har til ei kvar tid frå tre til fem lærlingar på kjøkenet. Fossheim har opp gjennom åra lært opp ei mengd gode kokkar, både norske og nordiske kokkelærlinge-meistrar. Kristoffer var kokk på det norske kokkelandslaget frå 1998-2003 og har vore med på å vinne medaljer kring i heile verda. Ståle er ofte nytta som kokk under world cup på ski, og har vore kokk under 3 OL.

Foto: Esten Borgos

 

 

Booking

Bestill opphold her!

Eller:

Epost: resepsjon@fossheimhotel.no
tlf.: 61 21 95 00

Lenker

historiske_logo_ny2

komtillom2

brimiland_liten
Fossheim Turisthotell, 2688 Lom | Tlf. 61 21 95 00 | resepsjon@fossheimhotel.no | Admin | Web: Frontalpic
Norsk bokmål (Norway)English (United Kingdom)