Hjem Kunst, Kultur og historie Nasjonale Turistvegar
Nasjonale Turistvegar Skriv ut E-post

aktivitetsognefjell

 

Sognefjellsvegen

Høgt til fjells langs blåisen, i majestetisk landskap med spisse tindar og smaragdgrønt vatn. Sognefjellsvegen svingar seg mellom verdas lengste fjord, Sognefjorden, og Gudbrandsdalen. Frå gamalt av var Sognefjellsvegen ferdselsveg. Fisk og salt frå vest, og smør, skinn, jarn og tjøre frå aust vart frakta på eigen rygg eller kløvhest. Vardene fekk ferdafolket trygt over fjellet i all slags ver. På Sognefjellet finn ein både villrein og tamrein, og nedover mot bygdene elg, hjort og rådyr. I høgfjellet trivst ørn og fjellvåk. I austlege strok streifar bjørn, ulv, gaupe og jerv, men desse er sjeldne og veldig skye.
Sognefjellsvegen (rv 55) fekk status som Noregs fyrste turistveg i 1997, og stod ferdig opprusta som nasjonal turistveg i 2003. Sognefjellsvegen er eit eldorado for friluftsinteresserte. Den nasjonale turistvegen er omgjeven av ein spektakulær natur og er Nord-Europas høgsliggjande fjellovergang (1434 m.o.h.). Frå Luster i vest til Lom i aust er det ei rekkje aktivitetar og attraksjonar.

Sjå meir om sognefjellsvegen på www.turistveg.no eller www.sognefjellet.com

 

 

 

matsognefjell

 

 

                                           På strekninga mellom Lom og Luster er det utarbeidd ein eigen
                                           guide til mange gastronomiske stadene langs vegen.
                                           Denne kan du laste ned  her .

 

Booking

Bestill opphold her!

Eller:

Epost: resepsjon@fossheimhotel.no
tlf.: 61 21 95 00

Lenker

historiske_logo_ny2

komtillom2

brimiland_liten
Fossheim Turisthotell, 2688 Lom | Tlf. 61 21 95 00 | resepsjon@fossheimhotel.no | Admin | Web: Frontalpic
Norsk bokmål (Norway)English (United Kingdom)