|
Lom Stavkyrkje |
|
|
|

Lomskyrja er ei av dei største og vakraste stavkyrkjene i landet. Ho skriv seg frå 1170 og er framleis i bruk som hovudkyrkje i Lom. Korbogen og preikestolen er forma av den kjende treskjæraren Jacob Sæterdalen. Den eldste delen er bygd i romansk stil. I 1634 vart kyrkja bygd på mot vest og i 1663 med krossarmane i reisverk mot nord og sør. Tårnet vart reist samstundes med krossarmane. Det meste av inventaret skriv seg frå 1700-talet.
Lomskyrkja er vigd til Heilag-Olav, jomfru Maria og døyparen Johannes. Årringsdateringar av eldste byggjetømmeret fortel at kyrkja truleg vart reist i 1158/-59. Lomskyrkja var i mellomalderen hovudkyrkje for Nord-Gudbrandsdalen og derfor bygd ekstra stor. Lom var viktig stasjon for pilegrimar på veg til Nidaros. Eldste delane er det rektangulære skipet og det smalare koret. Påbygg i 1634 og sideskip i 1663. Stor samling måleri av Eggert Munch og treskjerararbeid – korboge og preikestol - av Jakop Sæterdalen, frå 1793.
Ved arkeologiske utgravingar 1973 vart det gjort mange interessante funn; bl.a. over 2.000 mynter og eit runebrev.
Kyrkja er stengt ved kyrkjelege handlingar.
|
|
|