|
Fossheim og Lom er eit ypperleg utgangspunkt for eit vinter- eller påskeopphald. Vegen er stutt til alpinbakkane på Lemonsjøen eller Grotli og rett bak hotellveggen ligg heile den mektige Jotunheimen og ventar. Her finn du både enkle familieløyper og spennande toppar med utfordringar etter eige ynskje.
Vinteropphald: Vi ynskjer alle våre gjester velkomne til eit helgeopphald hjå oss om vinteren; ankomst fredag til kveldens middag. Laurdag serverer vi frukost, lunsj og ein femrettars meny. Avreise etter frukost søndag.
Tilbodet gjeld frå 17.februar til påske 2010.
Pris per. person 2400,- Enkeltromstillegg kr. 240,-
"Mørketidspakke"19.-21. februar og 5.-7. mars
Dag 1: Ankomst og innsjekking der deltagarane mottek eit informasjonsskriv med detaljar for kva som skjer under deira opphald.
Velkomstdrink i trivlege omgjevnader før vi serverar ein 3 rettars mørketidsmeny.
Dag 2: Frukost og smøring av matpakke.
Dagstur på truger i nærområdet med matlaging ute.
Vi lagar ein 3 rettars lunsj over åpen varme. 
Middag; 5 rettars mørketidsmeny
Dag 3: Frukost på hotellet.
Nasjonalparkvandring i Lom som avsluttast med lunsj på Bakeriet.
Nasjonalparklandsbyvandring
Bergomsrunda er ein triveleg rundtur til fots i nasjonalparklandsbyen, Lom sentrum. Runda bind saman sentrum og attraksjonane på ein god måte og du får med deg alt som er verdt å sjå. Runda er ca 2,5 km lang. Sentrum, lokalt kalla Fossbergje, er kjent langt utom landegrensene for særmerkt byggeskikk. Utleggsbrua, som er bygd slik som dei fyrste bruene i landet, bind saman sentrum og Kyrkjevollen. På brua kjem du tett innpå elva, vatnet på veg frå bre til hav, jfr. Vassvaglen ved rundkjøringa. Fossheim Steinsenter har unike samlinger av mineraler frå heile verda. Den majestetiske Lomskyrkja fortel ei 850 år lang historie om livet i bygdene her. På andre siden av vegen ligg Norsk Fjellmuseum Jotunheimen Nasjonalparksenter som med ustillinger og informasjon fyller ut bildet av natur og livsvilkår i fjellet enda lenger attende. På runda kjem du og til Presthaugen. Midt i det fredfulle parkområdet finner du Lom Bygdemuseum som og gjev spennande gløtt inn i gamle tider.
Pris per person: 3790,-

Påskeopphald: I perioda onsdag 31. mars til sundag 4.april kan du benytte deg av dette tilbodet;
Opphald i fire netter i dobbeltrom med frukost, lunsj og kveldens middag kvar dag. I staden for lunsj kan du smøre nistepakke. Kokkane byr på ein påske buffet langfredag og fire rettar Fossheim meny påskekvelden.
Pris per. person i dobbeltrom kr. 3500,- Enkeltromstillegg pr. døgn kr. 250,-
For opphald ellers i påska ta kontakt for gode tilbod og pakkeløysningar.
Program for påska kjem snart her!
For bestilling - send mail til
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
eller ring oss på tlf.: 61219500
Sjå naturopplevingar.no for meir informasjon om turane.

|