|
Rom for avslapping
Spisesalen vår kan romme rundt 100 gjestar til selskap eller buffet. Her serverar vi frukost, lunsj og middag til alle våre gjestar. Spisesalen held ope for middagsservering kvar dag, der det blir servert ulike rettar komponert av sesongens råvarer. Kvar sommar er du hjarteleg velkomen til vår lunsjbuffet og før jul lagar kokkane eit stort og uforgløymeleg julebord.
I andre etasje finn du peisestugu vår som med sitt gamle interiør skapar ei koseleg ramme rundt selskapet eller møtet om ein ynskjer ein plass for seg sjølv. Biblioteket som ligg innafor peisestugu egnar seg godt for mindre møter eller middagar inntil åtte personar. Peisestugu og biblioteket er ellers ope for alle våre gjester som ein fristad kor du kan sitja og nyte ei god bok eller samtale med ein ven.
Dr. Garmos Institutt
Dr. Garmos institutt var ferdig restaurert i kjellaren på Fossheim i 2004. Baren dannar eit naturleg sentrum i lokalet. Interiøret er nytt og spennande med innslag av underlege og kunstnariske steinar frå Fossheim Steinsenter. I baren kan du nyte ein drink etter måltidet og kose deg til god musikk. For program i Dr. Garmos klikk her.
Gaukstadstugu
Fossheim har eit staseleg tun sett saman av sjølve hotellbygningen, fleire små tømrahus og lokala til Fossheim Steinsenter. Spesielt stolte er vi av stasstova vår, Gaukstadstugu, som er eit av dei best bevara tømrahusa frå 1600-talet i heile Noreg.
I Gaukstadstugu tek vi i mot småe bryllup, barnedåpar eller selskap. Stugu gjev ei fin ramme rundt selskapet og kan væra ei stemningsfull avslutning på ein kveld hjå oss.
Urtehagen
Urtehagen er uteserveringa vår, med trivelege sitjeplassar og glimrande utsikt utover Lom og Lomseggen. Kring sitjeplassane veks nyttevekster av ulike slag. Ein sildrande bekk gjev ei god stemning i varme sumardagar. I Urtehagen serverer vi små, enkle rettar/salatar frå juni til august.
I ein del av Urtehagen har vi laga ein gamaldags brukshage der ein finn dei fleste vekstene som vart dyrka i kjøkenhagar før i tida. I tillegg dyrkar vi nyare urter av ulike slag. Urtene og blomstane nyttast når kjøkenet set farge og smak på matrettane.
|