Hjem Fossheim Hotel Historie
Historie Skriv ut E-post

Gjestar sidan 1897

historiePå grunn av Lom si beliggenheit har det alltid vore eit trafikk-knytepunkt her for ferdsel frå aust til vest. Frå Otta går vegen gjennom Lom både over Strynefjellet og Sognefjellet, og det var dette som skapte grunnlaget for oppstarten av hotellet. Th. og Embjørg Garmo kjøpte i 1897 grunnen som hotellet står på, og bygde den fyrste skysstasjonen. Hotellet var då ein tvihøgda timbrabygning med kvistrom og kjøkenavdeling, to stover og sju soverom. Driftsbygningane var fjos, låve og stall, og det vart drive både hotell og gard. Det var full drift av skyss-stasjon på Fossheim fram til fyrste verdskrigen då dei fyrste bilane kom og tok over for hesteskyssen. I tillegg til skysstasjonen hadde Th. ein butikk, og etter kvart vart det bygd ei hytte på Lomseggen for turglade gjestar. 

Tida under og etter andre verdskrigen med større etterspurnad etter gjesterom førde til nybygg. No hadde andre generasjon, Torgeir og Ingrid Garmo, teke over drifta, og i 1949 reiv dei det gamle hotellet. Det vart reist eit større nybygg saman med ei gjesteromsavdeling bygd i terasser oppover frå hovudbygningen. Dr. Garmo dreiv ikkje berre hotell og gardsbruk, men òg ei fysikalsk avdeling på hotellet. Hotellet heitte nå Fossheim hotell og Kurstad og den fysikalske avdelinga vart drive heilt fram til 1974. Fossheim hadde no 100 sengeplassar og moderne kjøken og matsal, og stadig fleire gjestar viste si interesse.

På 50- og 60-talet vart det gjort fleire ombyggingar for å tilpasse seg dei nye turistane, særleg amerikanarane som måtte ha rom med dusj og bad. Ein av bygningane på Fossheim som vart bygd i 1965 blir den dag i dag kalla “Amerika”, og vart som navnet seier bygd for å tekke amerikanske turistar. I 1970 vart matsalen bygd dobbelt så stor for å passe til kapasiteten på bortimot 150 senger.

I 1978 tok tredje generasjon ved Svein Garmo over drifta, og det er framleis han som eig og driv hotellet. Arne Brimi vart tilsett som kjøkensjef, og ei ny epoke tok til ved Fossheim. Fossheim og Arne fekk etter kvart eit namn og ei omtale som har gjort Fossheim-kjøkenet kjent i vide krinsar.

I 1992 vart det på nytt gjort store arbeid på Fossheim, då heile soveromsfløyen vart ombygd. I 2001 stod eit nytt og moderne kjøken ferdig, og våren 2004 opna vi ein ny og ombygd bar i kjellaren, Dr. Garmo`s Institutt.

I mai 2008 har romma i hovudbygningen på nytt vorte friska opp med nye fargar og ny dekor, og dei har no fått eit meir "heimekoseleg" og landleg utsjånade.

 

 

 

 

Booking

Bestill opphold her!

Eller:

Epost: resepsjon@fossheimhotel.no
tlf.: 61 21 95 00

Lenker

historiske_logo_ny2

komtillom2

brimiland_liten
Fossheim Turisthotell, 2688 Lom | Tlf. 61 21 95 00 | resepsjon@fossheimhotel.no | Admin | Web: Frontalpic
Norsk bokmål (Norway)English (United Kingdom)