|
Ramma rundt kurset eller konferansa er med på å skape ei stemning hjå deltakarane. Her på Fossheim legg vi til rette for små møter eller større grupper på inntil 60 personar. Kvart enkelt møte eller seminar er unikt på sin måte og vi samarbeider tett for å imøtekoma ynskje og mål med opphaldet.
Saman med vår samarbeidspartner Naturopplevingar tilbyr vi gjerne eit opphald med aktivitetar i naturen som vil bli hugsa med glede.
Vi samarbeider også med: Kursagenten
Små møte rundt eit bord Biblioteket høver godt for møte eller middagar for inntil åtte personar. Frå andre etasje har du utsikt utover Lom sentrum og fjella omkring.
Peisestugu ligg óg i andre etasje og har ei gamal og nostalgisk atmosfære. Ofte samlast ein her på kvelden før eller etter middag for å oppsummere dagens tema over ein aperitiff eller kaffe.
Dr. Garmo`s Institutt I kjellaren finn du Dr. Garmo`s Institutt som er vårt nyaste tilskot. Baren er utradisjonell og i ny stil med innslag frå Steinsenteret og gamle tider. Her samlar vi óg berdifter til møter og kurs.

I Dr. Garmos Institutt finn du óg vår ”Chambre separee”. Rundt langbordet kan du samle inn til 12 personar til fruktbare samtaler. Rommet ligg i kjellaren og vart restaurert i 2004.
Kurs og seminar Kurssenteret vårt har plass til 60 personar. Her kan ein møtast til mat- eller vinkurs i vår regi som eit triveleg innslag i konferansa. I tilegg er senteret tilrettelagt for kurs og seminar.

Vi tilbyr prosjektor, overhead og flipp over. I alle våre kurslokalar er det tilgang til trådlaust internett om du har eige nettverkskort.
|