|
Hotellrom og hytter i rolege omgjevnader.
Hovudbygget ligg i tilknytning til matsal og resepsjon og har 26 dobbeltrom og 3 enkeltrom. Romma ligg i rolige omgjevnader med utsikt utover dalen og tunet. Fleire av romma har terrasse der ein kan nyte den friske lufta og naturen. Romma stod ferdig restaurert i mai 2008. Romma i hovudbygget har tv og trådlaus internett tilgang. Alle romma våre har senger med Dux madrassar.
"Annekset" er eit bygg som vart bygd på 1950-talet for å tekkje amerikanske gjestar. I dag har vi 8 dobbeltrom og 8 enkeltrom i bygget, alle med eigne bad og wc. Alle romma har senger med Dux madrassar. Romma har nydeleg utsikt ut mot elva og Skjåk med Tronodberget i forgrunn eller inn mot tunet og Gaukstadstugu.
På tunet ligg óg to tømmrahytter som vi leiger ut med frukost, sengetøy og handkle. Hyttene har to rom med sengeplassar til 2-5 personar. Dei er utstyrt med ein liten kjøkenkrok og bad med dusj og wc. Begge hyttene har tv. Vask av hyttene er inkludert i leiga.
Heile hotellet og alle romma er røykfrie. Har du allergi eller handikap spør etter eit tilpassa rom ved bestilling.

Leiligheiter på Fossheimlåven.
I 2001 stod 4 nye leiligheter klare i låven på Fossheim. Alle leiligheitene har eigen inngang på låvebrua direkte frå parkeringsplassen på oversida. Dessutan veranda med utsikt mot Lomseggen og Skim og solgang heilt til kl 22 ved St. Hanstider.
Søre låven A, Høylåven B og Truskarloftet C: - har kjøken, toalett/ vaskerom, dusj og stor stove. Ei trapp fører opp til 2. etasje der det er eitt stort soverom, eitt mindre og eitt tredje med open løysing ned, totalt 5-6 sengjeplassar. Soveromma i toppetasjen har store takvindauga. Leiligheitene har velutstyrt kjøken, vaskemaskin og TV.
Nørdre låven D: - er noko større enn dei andre (ca 80 kvadratm.). Den har open kjøkenløysing og stor, ljos stove med utgang til 2 verandaer. I fyrste etasje er det vidare eitt soverom og toalett. I 2. etasje er det eitt stort, ope soverom med to takvindauga og eigen veranda, eitt mindre soverom og bad med toalett, dusj og hjørnebadekar.
Elektrisk oppvarming i tilegg til vedfyring. Ved er inkludert i leiga. Utleige med sengetøy og handkle. Vask er óg inkludert. Be om tilbod for lengere opphald.
|