Bakgrunn
Booking Nyhetsbrev Facebook

Logo invers

Fossheim hotell
Lom 2688, Norway.
Tlf: 61 21 95 00

Booking
Kontakt oss English

        

BIL

Frå Oslo-området følgjer du E6 nordover til Otta. På Otta tek du av E6 og følgjer RV 15 i 6 mil til Lom. Alternativt kan du følgje den Nasjonale turistvegen over Valdresflyet.

Frå Trondheims-området følgjer du E6 sørover til Otta. På Otta tek du av E6 og følgjer RV 15 i 6 mil til Lom.

Frå Bergens-området køyrer du via Voss, gjennom Lærdalstunnellen til Sogndal før du tek turen over Sognefjellet.

På vinterstid må køyre via Vik og Gaupne og over Strynefjellet.


Lom sentrum, Fossbergom, ligg i skillet mellom Stryn (r.v. 15 - Strynefjellsvegen), Sogn (r.v. 55 - Sognefjellsvegen) og Austlandet, og er sommarstid eit viktig trafikk-knutepunkt mellom aust og vest.

Sognefjellsvegen er stengd frå oktober/november til månadsskiftet april/mai.

 

TOG

Det går daglege avgangar frå både Trondheim og Oslo til Otta. Frå Otta kan du ta buss vidare til Lom og Fossheim (6 mil).

Sjå www.nsb.no for rutetider

 

BUSS

Det går ekspressbussar frå både Trondheim, Bergen og Oslo til Lom.

Sjå www.nor-way.no for alle rutetidene

Den lokale transportøren, Jotunheimen Turbusser AS kan hjelpe med transport til og frå Lom til konkurransedyktige prisar

Jotunheimen turbusser

 

Reiseavstander:
Oslo 345 km, Bergen 432 km, Fagernes 148 km, Trondheim 312 km, Lillehammer 175 km, Otta 64 km, Stryn: 126 km.