Bakgrunn
Booking Nyhetsbrev Facebook

Logo invers

Fossheim hotell
Lom 2688, Norway.
Tlf: 61 21 95 00

Booking
Kontakt oss English

        


Interirfossheim og lom. livet pa bergom 031

Spisesalen

Spisesalen vår kan romme rundt 150 gjestar til selskap eller buffet. Her serverar vi frukost, lunsj og middag til alle våre gjestar. Spisesalen held ope for middagsservering kvar dag, der det blir servert ulike rettar komponert av sesongens råvarer. 

 

Interirfossheim og lom. livet pa bergom 013

Peisestugu og bibliotek

I andre etasje finn du peisestugu vår som med sitt gamle interiør skapar ei koseleg ramme rundt selskapet eller møtet om ein ynskjer ein plass for seg sjølv. Biblioteket som ligg innafor peisestugu egnar seg godt for mindre møter eller middagar inntil åtte personar. Peisestugu og biblioteket er ellers ope for alle våre gjester som ein fristad kor du kan sitja og nyte ei god bok eller samtale med ein ven.

 

Baren dr. garmos fossheim hotell

Dr. Garmos Institutt

Dr. Garmos institutt var ferdig restaurert i kjellaren på Fossheim i 2004. Baren dannar eit naturleg sentrum i lokalet. Interiøret er nytt og spennande med innslag av underlege og kunstnariske steinar frå Fossheim Steinsenter. I baren kan du nyte ein drink etter måltidet og kose deg til god musikk.

 

 

Interirbilder fossheim esten borgos 005

Gaukstadstugu 

Fossheim har eit staseleg tun sett saman av sjølve hotellbygningen, fleire små tømrahus og lokala til Fossheim Steinsenter.

Spesielt stolte er vi av stasstova vår, Gaukstadstugu, som er eit av dei best bevara tømrahusa frå 1600-talet i heile Noreg. 

I Gaukstadstugu tek vi i mot småe bryllup, barnedåpar eller selskap. Stugu gjev ei fin ramme rundt selskapet og kan væra ei stemningsfull avslutning på ein kveld hjå oss

Urtehagen uteservering fossheim hotell

Urtehagen

Urtehagen er uteserveringa vår med trivelege sitjeplassar og glimrande utsikt utover Lom og Lomseggen. Kring sitjeplassane veks nyttevekster av ulike slag. Ein sildrande bekk gjev ei god stemning i varme sumardagar. I Urtehagen serverer vi litt enklare rettar frå juni til august.

I ein del av Urtehagen har vi laga ein gamaldags brukshage der ein finn dei fleste vekstene som vart dyrka i kjøkenhagar før i tida.

I tillegg dyrkar vi nyare urter av ulike slag. Urtene og blomstane nyttast når kjøkenet set farge og smak på matrettane.