Bakgrunn
Booking Nyhetsbrev Facebook

Logo invers

Fossheim hotell
Lom 2688, Norway.
Tlf: 61 21 95 00

Booking
Kontakt oss

        

Fossheim hotell midtgrafikkSkjermbilde 20130625 kl. 14.25.58

Historisk overnatting.

Fossheim Hotell er eit historisk og tradisjonsrikt hotell midt i Lom i Jotunheimen. Her får du god overnatting i ei roleg atmosfære. I restauranten vår kan du nyte både norsk tradisjonsmat og gourmetmat tufta på lokale råvarer frå nasjonalparkane rundt oss.

Hotellvert og vinkjennar Svein Garmo er tredje generasjons eigar på Fossheim Hotell. Saman med dottera Heidrun driv dei familiehotellet vidare. Vertskapet ynskjer at å koma hit skal vera som å koma heim til oss.

På Fossheim er vi opptekne av å halde tradisjonar ved like. Vi er stolte av kulturarven vår, både når det gjeld byggeskikk, anna handverk og ikkje minst maten. Prøv eit av våre matkurs der våre kokkar vil røpe nokre av triksa sine.

 092003991568433350709 044022008990017hm4288x2848240

Opplevingar for alle.

Fossheim og Lom er eit ypperleg utgangspunkt for turar i Jotunheimen, som vårskitur, fottur, tinderangling, topptur, klatring, juving, bretur, rafting, kulturvandring og landsbyvandring, og det finst alternativ for folk i alle aldre og med ulik fysisk form. Elles er det nok å berre vera til og nyte livet i Lom og på Fossheim.

Fossheim og Lom er ein naturleg stoppestad når du skal frå aust til vest, enten over Sognefjellet, Valdresflya eller Strynefjellet.