Bakgrunn
Booking Nyhetsbrev Facebook

Logo invers

Fossheim hotell
Lom 2688, Norway.
Tlf: 61 21 95 00

Booking
Kontakt oss English

        

Seniorrabatt vekedager -40% på rom/frokost *

I nasjonalromantikken si vugge Lom, ligg alt til rette for ei unik oppleving. Høge fjell og djupe dalar omkransar Nasjonalparklandsbyen og set ramma for eit unikt opphald.

Fossheim Hotell er eit historisk og tradisjonsrikt hotell midt i Lom i Jotunheimen. Her får du god overnatting i ei roleg atmosfære. I restauranten vår kan du nyte både norsk tradisjonsmat og gourmetmat tufta på lokale råvarer frå nasjonalparkane rundt oss.

Hotellvert og vinkjennar Svein Garmo er tredje generasjons eigar på Fossheim Hotell. Saman med dottera Heidrun driv dei familiehotellet vidare. Vertskapet ynskjer at å koma hit skal vera som å koma heim til oss.

Fossheim og Lom er eit ypperleg utgangspunkt for turar i Jotunheimen, kulturvandring og landsbyvandring. Her finst det alternativ for folk i alle aldre og med ulik fysisk form. Elles er det nok å berre vera til og nyte livet i Lom og på Fossheim. 

Fossheim og Lom er ein naturleg stoppestad når du skal frå aust til vest, enten over Sognefjellet, Valdresflyet eller Strynefjellet. 

Velkomen til fagre Lom og Fossheim Hotell!

 *Gjeld ikkje juli og august. Gjeld frå fylte 67 år

Bestill på tlf. 61 21 95 00 eller på epost: resepsjon@fossheimhotel.no